LokalnyttLokalsport

Bytte/salsdag av skiutstyr

Det kan vere tøft, men artig likevel når Sunnylvscupen på ski startar, berre skiutstyr og klede er gode.
Det kan vere tøft, men artig likevel når Sunnylvscupen på ski startar, berre skiutstyr og klede er gode. (Bilde henta frå arkivet 2015)

Skigruppa i Sunnylven IL arrangerer sals –og byttedag av vintersportsutstyr på klubbhuset for born og vaksne.

Vinteren nærmar seg med trivelege skidagar. Enkelte har kan hende behov for anna utstyr enn i fjor, skisko er for små eller ski og stavar er for korte.

Onsdag 28. oktober inviterer skigruppa til bytte/salsdag på klubbhuset av alt vintersportutstyr, som ski, rulleski, skiklede m.m. Merk tinga med namn, tlf-nummer, eventuelt pris og ta det med til klubbhuset denne dagen. Mottak og byttetid er mellom kl. 19.00 og 20.00. -På denne måten sparer vi miljøet og vi håper mange kan få seg rimeleg utstyr som passar slik at endå fleire enn tidlegare blir å sjå i skianlegget i Hyttehola til vinteren, skriv skigruppa,

Bytte/salsdag for skiutstyr er på klubbhuset, Hellesylt stadion onsdag 28. oktober 2015 kl. 19.00 – 20.00

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380