Lokalnytt

Det nærmar seg saudehaudfest

Kvart år sidan 2000 har saudehaud vore festmat på Sunnylvsbygda grendahus. (Bilete frå arkivet)
Kvart år sidan 2000 har saudehaud vore festmat på Sunnylvsbygda grendahus. (Bilete frå arkivet)

Årets gourmetiske måltid, salta og tørka saudehaud nærmar seg. Det skjer på Sunnylvsbygda Grendahus laurdag 7. november.

Dei beste råvarene og kokkane er på plass når Sunnylvsbygda Grendalag inviterer til saudehaudfest og til eit måltid av tradisjonsrik vestlandsk delikatesse laurdag 7. november.

Påmelding til den sekstande saudehaudfesten brukar å vere god, så ikkje vent med å ringe og melde deg på om du har lyst å vere med på eit gourmetisk måltid av saudehaud, kokmør, kålrot og poteter. I år er det ekstra kvalitet på saudehauda, får vi oss fortalt. Dei skal alle vere av sau som har beita i Verdsarvområdet og levd sommaren på det eksklusive graset som veks der. God drikke er det høve til å få kjøpe.

Det er plass til rundt hundre gjestar i Sunnylvsbygda grendahuset der det etter måltidet blir dans til musikk frå CD, opplyser arrangøren.

Påmelding til saudehaudfest:

Olav Lade, mob. 918 93 177

Oddbjørg Stadheim, mob. 408 41 702

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380