Lokalnytt

Fjellrosa 4H med utstilling og fest

kloever[1]

Søndag er det haustfest i Fjellrosa 4H i Sunnylven. Festen er på Sunnylvsbygda Grendahus, Hauge.

Frå 4H-medlem Irene Frøysa har vi fått denne påminninga om haustfesten i Fjellrosa 4H. Møt fram på Sunnylvsbygda Grendahus og få med deg ein triveleg fest laga av unge aktørar og sjå flotte oppgåvearbeid.

-Søndag 18. oktober klokka 13.00 arrangerer Fjellrosa 4H sin årlege haustfest på Haugeskulen. Familie og venner, kjende og ukjende er hjarteleg velkomne til å sjå på alle dei flotte utstillingane av prosjekta 4H-arane har arbeidd med i år. Det blir både underholdning, loddsal og servering av brødmat, kaker og kaffi. Vi håper alle som har anledning vil ta turen for å sjå kor kjekt vi har det i 4H!

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380