Lokalnytt

Fornya tillit til ordføraren i Stranda

Den politiske toppleiinga i Stranda kommune, ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til venstre og varaordførar Arild Ringdal (Ap).
Den politiske toppleiinga i Stranda kommune, ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til venstre og varaordførar Arild Ringdal (Ap).                                                   (Foto: Gunnar Sårheim Fivelstad)

Som venta vart det attval av Jan Ove Tryggestad (Sp) som ordførar i Stranda kommune. Arild Ringdal (Ap) vart ny varaordførar.

Etter brakvalet til Stranda senterparti i september vart det klart at partiet sin toppkandidat og sitjande ordførar Jan Ove Tryggestad ville få fornya tillit. Før det fyrste møtet til det nye kommunestyret hadde alle partia som er representert i kommunestyret forhandla seg fram til semje om dei viktigaste politiske posisjonane, mellom anna val av ordførar, varaordførar og medlemer i formannskapet.

Under møtet onsdag 7. oktober og på vegne av Stranda senterparti sette representanten Jan Ivar Nydal fram forslag om attval av Jan Ove Tryggestad som ordførar for komande periode. Ved skrifteleg avrøysting fekk Tryggestad 24 røyster, ein røyst var blank.

Som varaordførar dei neste fire åra kom det forslag på Arild Ringdal, også det slik alle partia var samde om. Ved avrøysting fekk Ringdal 21 røyster, fire var blanke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380