LokalnyttLokalsport

Klare til landsrenn og Sunnylvscup

Fyrste renn i Sunnylvscupen går 9. desember. Om snøen ikkje er komen blir det gåtur i løypetraseen i Hyttehola.
Fyrste renn i Sunnylvscupen går 9. desember. Om snøen ikkje er komen blir det gåtur i løypetraseen i Hyttehola.

Langrennsgruppa i Sunnylven IL ventar på snøen. I Hyttehola blir det Sunnylvscup og krinsrenn i fristil til vinteren.

I Hyttehola, Sunnylven IL sitt flotte skianlegg blir det mykje moro, men også tøffe konkurransar så snart snøen kjem. Alt i desember går fyrste renn i Sunnylvscup på ski, nytt renn kjem like over nyttår, før klubben søndag 10. januar er arrangør av krinsrenn (landsrenn) i fristil, normal distanse. Rennet som har individuell start er 3. renn i Sparebanken Møre Cup (SBM).

På trakkemaskina var det naudsynt med ein del vedlikehald før sesongen. Det er no utbedra, mellom anna er det kjøpt inn heilt nye belte. Så snart snøen kjem blir det skispor i lysløypa, det lovar Hans Hole og Gisle Aaland, to av dei som ivrar aller mest for langrennsport i Sunnylven.

I haust har skigruppa hatt faste treningskveldar med bra frammøte, fortel dei. Desse held fram med rulleskitrening kvar tysdag frå kl. 16.00, og styrketrening kvar fredag frå kl. 16.45 i gymmsalen ved skulen.

Her er datoar for Sunnylvscup og krinsrenn vinteren 2015 / 2016;

Alle renn i Sunnylvscup på ski går i Hyttehola og har start kl. 17.30 utan tidtaking., med tidtaking kl. 18.30.

Onsdag 9. desember – klassisk

Onsdag 6. januar –fristil

Søndag 10. januar – krinsrenn fristil, 3. renn Sparebanken Møre Cup, normaldistansar (2. til 10 km.)

Onsdag 20. januar – fristil

Onsdag 3. februar – klassisk

Onsdag 24. februar –fristil

Onsdag 9. mars – klassisk, merkerenn

Tysdag 22. mars – påske-Bingo på samfunnshuset med premieutdeling for Sunnylvscup på ski.

Alle datoar blir lagt inn på aktivitetskalendaren på hellesylt.info

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380