Lokalnytt

Kulturoppleving av dei sjeldne

Sunnylven skulekorps, dirigent Trond Otto Berg.
Sunnylven skulekorps, dirigent Trond Otto Berg.

Kulturkonserten i Sunnylven kyrkje laurdag til inntekt for årets TV-aksjon vart av dei aller beste. Stranda er ikkje berre turistkommuna, eller for den del pizzabygda, det er også ei unik kulturkommune.

Aktørlista var lang i Sunnylven kyrkje laurdag. Det strøymde på med song og musikkinnslag, opplesing og gode appellar til årets TV-innsamling der pengane går til regnskogfondet. Programleiar Ann Kristin Langeland sette pris på å få vere programleiar for konserten og annonserte kjende og mindre kjende aktørar. Forsamlinga som talde rundt hundre vart etter kvart varme i hendene etter velfortent applaus for innslaga. Det vart ei flott og sterk oppleving der ungdom viste stor song og speleglede.

Opninga på konserten var eitt av høgdepunkta. Sunnylven skulekorps under leiing av dirigent og kulturskulerektor, Trond Otto Berg var berre fantastisk. Dei unge musikarane spela fire musikkstykke og samspelet var toneprakt lært i ein god musikalsk skule. Dirigenten gav uttrykk for å vere glad for å få delta på konserten. –Vi er glade for at det vart kyrkjekonsert på Hellesylt, sa Berg.

Inghild Storstein
Inghild Storstein

Inghild Storstein er kjend for innleving i si framføring av dikt. Laurdag las ho fleire nesten utan i bruke manus, fyrst av Nordal Grieg, deretter av to lokale diktarar, Ola Fivelstad og Ivar E. Ringdal.

Så var det Tove Havnen Hanssen sin tur der ho leika med fingrane på pianotangentane. Eit produkt, slik fleire andre frå Stranda kulturskule som har 250 som elevar i år. Berre Ringstad skule har fleire elevar.

 

Fylkesaksjonsleiar Marius Hammer
Fylkesaksjonsleiar Marius Hammer

Fykesaksjonsleiar Marius Hammer var også til stades under konserten i Sunnylven kyrkje. Han fortalde og forklara kva regnskog er og kor viktig den er for oss alle. Regnskogen er 60 millionar år gamal, der bur i dag 250 mill. menneske og eit stort antall sjeldne dyre –og fugleartar som vi alle har nytte av, sa Hammer.

Sofie Berge Sæbø har tverrfløyte som sitt instrument og saman med Lars Kvam Karbø på piano vart det vakkert samspel frå dei to, før gullrekka som dyktig programleiar Ann Kristin Langeland kalla det, heldt fram med Julie Rimstad som spela piano og song Eva Cassidy. Så var det Benjamin Rekdal på saxofon og Lars Kvam Karbø på piano som framførte Pie Jesu og Somewhere før Maria Langeland til eige gitarspel gleda med to songar, mellom anna Halvdan Sivertsen si vise Sommerfugl i vinterland.

Ungdomskoret Joyful under leiing av Oddbjørg Stadheim.
Ungdomskoret Joyful under leiing av Oddbjørg Stadheim.

Aller sist av song og musikkinnslag kom ungdomskoret Joyful. Dei framførte to songar med Inger Ringdal Sæter og Veronica Øksvang som solistar.

Så var det ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad sitt lodd å avrunde ein nær to timar lang og fantastisk konsert. Det hadde vore ei stor oppleving å vere til stades i Sunnylven kyrkje, slo Tryggestad fast. Han takka dei mange og retta ei spesiell takk til dei to andre i kommunekomiteen, Aud Tomasgard Berstad og Arild Ringdal, -Bli med å bidra til årets TV-innsamling og til beste for Regnskogen. Sjå ut vindauge, der er eit panorama, ein verdsarv som ikkje er menneskeskapt ,men gjennom tusener av år. Gje som dokke føle for, det handlar om vår framtid, sa ordførar Jan Ove Tryggestad mellom anna.

Sofie Berge Sæbø.
Sofie Berge Sæbø.
Tove Havnen Hanssen.
Tove Havnen Hanssen.
Maria Langeland.
Maria Langeland.
Ordførar Jan Ove Tryggestad.
Ordførar Jan Ove Tryggestad.
Dyktig programleiar, Ann Kristin Langeland.
Dyktig programleiar, Ann Kristin Langeland.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380