Triveleg treff på Per Gynt Galleriet
Vel femti medlemar i Sunnylven Pensjonistlag storkosa seg på Peer Gynt Galleriet med mat og gode programinnslag under haustfesten torsdag.
Sunnylven Pensjonistlag inviterte til festpynta bord på Peer Gynt Galleriet torsdag. At samlinga fann stad i galleriet med relieffbileta frå Peer Gynt som veggpryd vart sett ekstra pris på frå dei vel femti frammøtte.
Leiar i laget, Astrid Langeland ønska vel møtt og var glad for at så mange av medlemane kom. –Utan at dokke kom hadde det ikkje blitt fest, slo ho fast. Langeland ønska også kåsør Liv Randi Bjørlykke frå Sykkylven velkoma i laget. Vinnaren av prisen for godt målbruk frå i fjor hadde kåserikalendaren full, men akkurat denne dagen var der ein blank dato. Det var Astrid glad for.
Ordrik kåsør
Og Liv Randi Bjørlykke reiste frå målarspanna si heime. Ho hadde sett seg føre å gje alt trekvitt i huset eit strøk måling, sa ho. Men til tross for målararbeid hadde ho gjort jobben og førebudd eit lødig og ordrikt kåseri. Det myldra av ord når ho la ut om lårhalsen, korleis skaden kunne oppstå, hjelpa ein ville få og restitusjon og opptrening etterpå. Eit humørfylt kåseri rikare på ord enn eit norsk leksikon, og som fekk fram latteren i salen.
Litt seinare på møtet var det ny utleggning frå Bjørlykke med ei forteljing, litt godt krydra om eit potetballgilde på Hareid. Slik det vart skildra vart det meir mettande enn kroppen, kleda og andre i serveringslokalet tykte bra om. Liv Randi Bjørlykke har eit godt språk i kåseria sine så ho var avgjort ein verdig vinnar av målprisen i 2014.
Ung og god
Godt språk fekk forsamlinga høyre også frå unge Maria Langeland. Ho gleda med vakker song og musikk på sin gitar, fyrst «Sommarfugl i vinterland» av Halvdan Sivertsen og deretter «Vår beste dag» av Erik Bye. Sjølv om bestemor Astrid hadde sett fram ynskje om songar med norske tekstar, fekk unge Maria avslutte på engelsk i med Dolly Parton sin populære «Jolene». Laurdag er Maria Langeland ein av fleire aktørar å høyre under konserten i Sunnylven kyrkje.
Velsmakande
Til vellukka fest hører også god servering. Det vart servert fårikål og poteter, svært velsmakande. Etterpå kom kaffi og dessert på bordet før spaninga steig mange hakk. Vertskapet hadde sikra seg eit stort antall tombolagevinstar og alle fekk sine eigarar til slutt.
Med allsong i «Eg gjette tulla» var eit på alle måtar vellukka hausttreff i Sunnylven Pensjonistlag slutt. Masse ros til leiinga i laget for eit arrangement med «velsmakande servering».