Lokalnytt

Adventslys vart tente

Lysmessa i Sunnylven kyrkje opna med prosesjon
Lysmessa i Sunnylven kyrkje opna med prosesjon

Fyrste søndag i advent var det lysmesse i Sunnylven kyrkje.

Mellom fleire som deltok under lysmessa var neste års konfirmantar og undomskoret Joyful. I kyrkja vart det mykje vakker song denne søndagen og levande ljos som skapte ein stemningsfull time for mange frammøtte.

Lysmessa opna med prosesjon av konfirmantar og medlemane i ungdomskoret Joyful, alle i kvite kapper og med levande ljos i hendene. Deretter var det tekstlesing og vakker song av Joyful med solistar til tonefølgje frå Erik Torset på gitar. Sokneprest Karstensen heldt preika og konfirmantane viste eit innøvd tablå og sa fram bøner.

Mellom songane under lysmessa og med Lars Kvam Karbø ved orgelet var kjente julesongar og adventssongen Tenn lys. I det heile, ei vakker og stemningsfull lysmesse i Sunnylven kyrkje der adventslys vart tente.

Ungdomskoret Joyful song vakkert og fleire songar
Ungdomskoret Joyful song vakkert og fleire songar

Lysmesse 3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380