Lokalnytt

Fekk dreia trekunst

Martin Janssen til høgre hadde med gåver til mellom anna dagleg leiar Peer Gynt Galleriet Monica Rødven, styeleiar Jan S. Storstein og styremedlem Arild Ringdal
Martin Janssen til høgre hadde med gåver til mellom anna dagleg leiar Peer Gynt Galleriet Monica Rødven, styeleiar Jan S. Storstein og styremedlem Arild Ringdal (mms: Gunnar Sårheim Fivelstad).

Martin Janssen har sin eigen kunstnarverkstad på Helset. I det som var husdyrrom for storfe lagar han gåveartiklar til mange.

Martin Janssen har laga mange dreia treprodukt dei siste åra. Mykje av det gjev han vekk til folk som gjer ein innsats og yter god service.

Under julebord på Peer Gynt Galleriet var det vertskap og betjening som fekk gåver og gode ord frå kunstnaren. Der delte Martin ut fleire dreia trebollar, fat og nokre artige pingvinfigurar, alt laga i verkstaden på Helset. «Førjulegåvene» kom nok litt overraskande, men hyggeleg for mottakarane.

Førti personar var samla under julebord på Per Gynt Galleriet laurdag, der alle kunne forsyne seg rikt av god julemat, dessert og høveleg drikke til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380