Lokalnytt

I mørke til Kjellstaddalen

Her er unge trimmarar samla på Nedstevassetra i mørke i 2012.
Her er unge trimmarar samla på Nedstevassetra i mørke i 2012.

Onsdag 11. november inviterer friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL til kveldstur i Kjellstaddalen.

Onsdag er det høve til å bli med på kveldstur i Kjellstaddalen. Då blir det trimtreff i mørke, eit arrangement som alltid har god oppslutning både av unge og eldre.

Kveldsturen onsdag blir ein skikkeleg mørketur, for denne dagen er det nymåne og såleis heilt månemørkt. Så ei god haudelykt eller lommelykt er ein fordel å ha med.

Turen startar frå Tronstad Grendahus og går til trimposten i Kjellstaddalen der det er registrering mellom klokka 18.00 og 18.30. Vermeldinga melder om overskya, litt regn og 7. plussgrader.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380