Lokalnytt

Inntok dansegolvet med liv og lyst

Eldstegruppa i leikarringen i HUL.
Det er mange medlemane i leikarringen i HUL .

Det vart ein triveleg laurdag ettermiddag då unge dansarar baud inn til generasjonsfest på Sunnylven samfunnshus.

Storstova i Sunnylven var t etter kvart fylt opp av svært mange, foreldre, besteforeldre tanter og onklar og andre som kom for å sjå leikarringen i Hellesylt Ungdomslag utfolde seg i lette dansetrinn. Dei imponerte, der var dansarar over eit vidt aldersspekter frå fyrste klasse og oppover. Her gjer leiinga i dansegruppa i HUL godt arbeid til glede for dei som deltek og for dei som får sjå på.

Generasjonsfesten var avslutning på ein lang og opplevingsrikt år for medlemer og leiarar i leikarringen i Hellesylt UL. Leiar i dansestyret, Wenche Høgalmen Ringdal tok forsamlinga med på eit attersyn frå aktivitetane i 2015.

Øvingane starta i april og 17. mai var den fyrste danseoppvisninga vist ved omsorgssenteret på Hellesylt og seinare same dag under folkefesten på samfunnshuset. I juni var over tjue dansarar og mange leiarar mellom 150 deltakarar på barneleikstemne i Ørsta. Det var ei kjekk helg, sa leiaren.

-Etter det trudde vi sesongen var over, sa Wenche Høgalmen Ringdal. Men nei, ein dag fekk vi ein hyggeleg telefon frå Bjørg Ness om vi kunne opptre med dans om bord på eit cruiseskip. Vi sa sjølvsagt ja sjølv om det var midt i ferietida. Vi fekk samla saman 21 dansarar der også tidlegare dansarar var med og vi mønstra på cruiseskipet i bunader og med levande musikk. Det var suksess og ei stor oppleving for oss.

Seinare var det danseoppvisning under Hellesyltdagane, før vi litt seinare fekk ein ny telefon og spørsmål om å danse om bord i eit cruiseskip i Geiranger. Med private skyssbåtar tok vi turen til turistbygda for å underhalde turistane om bord. Det vart tretten danseinnslag før dei reisande om bord var nøgde.

Leiaren fortale at barneleikarringen frå HUL var med også under Strandadagane, før det vart sosialtur på alle til Brattvåg og Ingebrigt Davik-huset.

Wenche Høgalmen Ringdal har med seg Ann Kristin Wollsæter og Solveig Førde i styret for barneleikarringen. Ringdal takka hjelpsame foreldre for innsatsen gjennom danseåret som var slutt med Generasjonsfesten . Ei triveleg avslutning der også masse kaker, kaffi og saft var sett fram.

Her er dei aller yngste i aksjon.
Her er dei aller yngste i aksjon.

Leikdans C

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380