Notiser

Sanitetslaget inviterer til temamøte

«Den gode barndom» har Sunnylven sanitetslag sett som overskrift på invitasjonen til temamøte onsdag 4. november.

Sunnylven sanitetslag inviterer til kveldsmøte onsdag 4. november kl. 20.00 i laget sitt møterom i andre høgda i kyrkjelydshuset. Tema denne kvelden er «Den gode barndom».

Spesielt invitert er foreldre til born opp til 4. klasse. I invitasjonen til møtet der helsesøster Silje Hjellbakk Hole blir til stades, skriv sanitetslaget;

-Ut i frå sin ståstad som helsesøster vil Silje Hjellbakk Hole formidle tankar og råd om korleis vi på ein best mogleg måte kan gjere borna våre trygge, glade, sosiale og robuste. Helsesøster er den einaste profesjonelle som har vidareutdanning i fagområdet helsefremmande og forebyggjande arbeid spesifikt retta mot målgruppa born og unge frå o – 20 år.

Her blir det rom for å spørje og diskutere rundt ein kopp kaffi/te og litt å bite i. Vel møtt alle!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380