Notiser

Basketball-talent med aner frå Sunnylven.

Foto til venstre: privat, utklipp til høgre: frå Gimle Basket si Facebook-side.
Foto til venstre: privat, utklipp til høgre: frå Gimle Basket si Facebook-side.

Lars Fredrik Mensah Espe, med mor frå Sunnylven, vart i ei kåring i Bergensavisen (BA) i går plassert på 27 plass over dei største idrettstalenta i Hordaland.

Espe spelar basketball for bergensklubben Gimle og har og vore innom landslagssystemet. Han blir av fleire beskrive som eit naturtalent utanom det vanlege, av enkelte til og med som basketens svar på Martin Ødegård. Mor til Lars Fredrik er Liv Jorunn Røyrhus Espe. Ho seier at dette er svært inspirerande for vidare satsing.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info