Lokalnytt

Bonde med grep om ordførarklubba

Ordførar Jan Ove Tryggestad på Hellesylt bro med Hellesyltfossen i bakgrunnen, eitt av dei mange store fotomotiva i Stranda kommune.
Ordførar Jan Ove Tryggestad på Hellesylt bro med Hellesyltfossen i bakgrunnen, eitt av dei mange store fotomotiva i Stranda kommune.

Senterpartiet og ordførar Jan Ove Tryggestad vart den store valvinnaren ved kommunestyrevalet i Stranda kommune sist haust. Bonden frå Tryggestad i Sunnylven har grepet om ordførarklubba også dei neste fire åra.

Det er laurdag knappe to veker før jul. På Hellesylt er alle plenar grøne, like grøne som julegrana i sentrum av bygda. Vi har trekt inn på Øcal kafe saman med ordførar Jan Ove Tryggestad for ein juleprat. Tryggestad er den fyrste ordføraren frå Sunnylven etter samanslåinga til Stranda kommune i 1965. Han fekk hand om ordførarklubba i 2011 og vart den store valvinnaren i haust. Nye fire år står for tur som ordførar i Stranda, i tillegg til å vere nyvald fylkestingsrepresentant for Senterpartiet.

Vi spør Tryggestad kvifor han og partiet hans vann så stort i kommunestyrevalet. Stranda senterparti gjekk fram med tre, frå åtte til elleve representantar.

-Eg trur veljarane har sett at det vi har gjort har gjeve resultat. Det vart fire år med streng styring av investering og ikkje minst økonomi. Slik må det fortsatt halde fram ei tid. I det ligg det ikkje at vi ikkje skal satse ekspansivt. Kommunen skal vere med og hjelpe til for å sikre og få fram nye arbeidsplassar, både innafor næringsmiddel og reiseliv.

Godt arbeidslag

Det var mange mørke skyer over Stranda då Jan Ove Tryggestad gjekk på som ordførar i 2011. No er himmelen meir blå enn på lenge, men framleis er det ein jobb å gjere. Likevel hevdar han utan å nøle at det ikkje har blitt mange vakenetter som ordførar.

-Alle kommunar er avhengig av dyktige folk, ikkje minst ein rådmann. Det kan vere ein brutal jobb og gjennomtrekk er ei belastning. Vi er i ferd med å få eit dyktig arbeidslag i kommunen vår, men det er alltid behov for å gjere tilpassingar også i Stranda. Vi kan som den største «bedrifta» alltid bli betre på alle område og vi har ei lojal toppleiing og lojale mellomleiarar. Får vi dei overføringane frå offentleg sektor vi har rett på ser eg i grunn positivt på framtida, men det kan også snu fort, legg han til. Han ser mot Hellesylt kai der det ligg offshore skip i påvente av oppdrag i ei oljenæring som er råka av nedgangstider.

Næringsmiddelklynga

Tryggestad fortel at 2016 kan bli året med utviding hos tre store aktørar innan næringsmiddel, Grillstad og Tind på Stranda og Ole Ringdal AS på Hellesylt. Men for at kommunen skal kunne hjelpe må den få orden på eigen økonomi, det er avgjerande for å få lån til investeringar, seier ordføraren.

-Frå mi fartstid i TINE har arbeidsplassar innan næringsmiddel oppteke meg. Eg har prøvd å setje meg inn i situasjonen til store aktørar som Orkla og Grillstad. Dei kjem ikkje til Stranda og forlangar, men kommunen har tenkt utvikling og eg set igjen med ein følelse av at vi har bidrege bra, at Stranda kommune har vore ein motivasjonsfaktor til at dei har etablert seg her.

Kongeskipet Norge ved eit kjent fotomotiv, Dei Sju systre i Geirangerfjorden
Kongeskipet Norge ved eit kjent fotomotiv, Dei Sju systre i Geirangerfjorden

Reiseliv og turistferja

Den andre store næringa Tryggestad trekkjer fram er reiseliv. Mange arbeidsplassar er knytt til turisme og meir håper han det blir. På Hellesylt er det kome ei god kai for både cruisetrafikk og anna bruk og den må utnyttast betre, seier han.

-Hellesylt har fleire ting å vise fram, men manglar overnattingsplassar. Der burde ha vore eit hotell. Difor vil kommunen ta ny kontakt med eigarane av Grand Hotell med tanke på konkrete resultat. Ordføraren gjev uttrykk for at han er skuffa over at møtet med eigarane for vel eitt år sidan ikkje har enda i noko. -Det vart berre eit møte med mykje luftig og godt prat, så no er det på tide at det skjer noko, seier han.

Ferjeselskapet The Fjords driv turistferja mellom Hellesylt og Geiranger i sommarsesongen. Selskapet har signalisert at dei held fram drifta og kanskje med nytt materiell. Dei vil også vere eit selskap for lokalfolket og vil justere prisane for det. Selskapet fekk ei lita slagside sist sommar med auka prisar utan å informere godt nok om det på førehand. Det ønskjer dei å rette på, har ordføraren fått forståing av.

Samferdsel

-Vi må vere romslege med kvarandre og løyse oppgåver i fellesskap. Då får vi resultat som alle vil ha glede av. Uansett kommunereform er det viktig å oppretthalde folketalet og busetnad i alle bygdelag, så no blir det jobba med å legge til rette for nye boligtomtar både på Hellesylt og i Geiranger.

-Stranda kommunen har vedteke å ta mot 17 innvandrerar i fyrste kvartal neste år, og det kan bli så mange som 60 i løpet av fireårs-perioden. Vi tok mot framande på 90-talet med eit godt resultat. Eg håpar vi er romslege også denne gongen og at dei som kjem får ei hyggeleg mottaking.

Innafor samferdsel gler ordføraren seg over at Røyra-tunnelen er teken i bruk og nest år opnar nye Ljøtunnelen. Då er heile vegstrekninga Røyr – Hellesylt rastrygg. Han håper det neste blir rastrygg veg til Geiranger med byggestart i 2017. Ny ferjekai er teke i bruk på Stranda, ny kai må også Liabygda få.

Bølgen

Vi dreiar samtalen vår inn på filmen Bølgen og det ustabile fjellet ved Åkneset. Han føler ikkje at filmen har øydelagt Stranda kommune som reisemål. Mange såg ordførar Tryggestad på TV ein laurdagskveld i programmet Lindmo der han på ein opplysande og roleg måte svara på spørsmål. Programleiaren vrei det til at Stranda måtte vere ein trygg stad å bu som hadde «Tryggestad» til ordførar.

-Uansett etternamn på ordførar, det er trygt å bu langs Storfjorden. Vi har levd med naturen i alle tider og tilpassa oss alle vanskar og fårar. Det ustabile fjellet er så godt overvaka at om det skulle ramle ut og lage flodbølgje vil folk og anna levande vere evakuert i god tid. Det er med andre ord trygt å bu både på Hellesylt, i Geiranger, på Stranda og andre stader på Sunnmøre, slår Jan Ove Tryggestad fast. For måleinstrumenta ved Åknes/Tafjord Beredskap er følsame. Mellom anna vart jordskjelvet i havet vest for Florø nyleg registrert.

Bonden

Jan Ove Tryggestad er utdanna bygningsmann og bonde. På garden på Tryggestad er det nyleg reist nytt fjøs for lausdrift for mjølkekyr og påsett av storfe. I tillegg er der ein stor buskap sau på garden.

-Det blir lite tid til gardsarbeid no når eg er ordførar på heiltid og litt fylkespolitikar. Det er sambuar Gunnhild Liva som styrer gardsdrifta med litt hjelp frå ein avløysar. Sjølv prøver eg å vere gardsdreng så ofte eg kan.

Like før jul drog Sp-politikaren til Oslo, til det fyrste møtet i programkomiteen for stortingsvalet 2017. Gjennom neste år blir det fleire møter for komiteen på ti som er samansett av representantar frå stortingsgruppa, senterungdomen, senterkvinnene og frå nokre fylke. Jan Ove Tryggestad er ein av fem som representerer fylka. Ei stor anerkjenning, tykkjer Stranda-ordføraren.

Ordføraren ser mykje positivt for næingslivet i Stranda kommune i 2016. Men det kan fort snu, seier han.
Ordføraren ser mykje positivt for næingslivet i Stranda kommune i 2016. Men det kan fort snu, seier han.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380