Ein minnerik julekonsert
Klokka fem på åtte kalla kykjeklokka til julekonsert i Sunnylven kyrkje søndag kveld. Ei godt besøkt kyrkje fekk ei ny, minnerik oppleving.
«Den beste jula…» song Hellesylt songlag på slutten av julekonserten. Vi seier den beste julekonserten i Sunnylven kyrkje, kanskje nokon gong.
Vakkert og stolt var to ord som stod igjen etter konserten, sa Stig Tryggestad då han takka og overrekte blomar til leiarar for aktørane etter konserten søndag kveld. Han var stolt over at ei så lita bygd kunne levere så mykje vakker song og musikk, ein julekonsert på 90 minutt.
Konserten opna med Sunnylven skulekorps som frå fyrste tone nærmast trollbant publikum. På julerepertoaret til dei unge musikarane under leiing av Trond Otto Berg stod fem stykke. Valet er vanskeleg, men personleg synest vi «Tre nøtter til Askepott» med Viktor Fivelstad som solist var den som sjarmerte og imponerte mest. Det er til tider magisk å høyre korpset spele, og som skulekorps må dei vere av dei beste. Korpset fortener snart meir heider enn applaus frå publikum.
Og Trond Otto Berg kan meir enn å «dyrke» fram og dirigere skulekorps. Mot slutten tok han fram kornetten og saman med Gunnar Inge Eide på orgel framførte dei to «O, helga natt».
Under heile konserten hadde Gunnar Inge Eide på tangentinstrument og Erik Torset på gitar tonefølge til songinnslag. «Vær hilset, mine frender» song Ingelin Storstein Hole, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein, og like vakkert song ungdomskoret Joyful, eit kor det alltid er eit høgdepunt og ei glede å høyre. Koret med solistar song tre songar, før dei i samspel med Felegruppa framførte «Himlen i min famn». Eit flott samarbeid som avgjort bør prøvast igjen. Felegruppa under leiing av Synnøve Hjellbakk Hole hadde også si eiga avdeling der publikum fekk høyre «Et lite barn, så lyseleg» og «Sonjas song».
Hellesylt songlag talde femten songarar under julekonserten. Songlaget hadde øvd inn fire songar med solistar Oddbjørg Stadheim, Ingelin Storstein Hole, og den siste, «Kviskre ei bønn» saman med Joyful og Kristin Storstein. Flott Hellesylt songlag, lat vi få høyre koret oftare.
-Ver eit lys for kvarandre, det skal så lite til. Og i ei uroleg verd må vi hjelpe, men også huske på å ta vare på kvarandre, sa dirigent Kristin Storstein då ho helsa alle og ønska god jul frå Hellesylt songlag.
Ein minnerik julekonsert i Sunnylven kyrkje vart avslutta med allsong i «Deilig er jorden».