Lokalnytt

Julehelsing frå Ljøbrekkas Vener

Rasteplass ved Fremste Herdalsvatnet, og med stigninga opp Brekka i bakgrunnen.
Rasteplass ved Fremste Herdalsvatnet, og med stigninga opp Brekka i bakgrunnen.

Leiar i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal har lagt ut på facebook ei julehelsing med litt orientering om foreståande arbeid i veneforeininga.

Her er helsinga frå leiaren;

Med to bilete frå hausten 2014, ynskjer eg alle i Ljøbrekkas Vener god jul og godt nytt år. Vi er no i gang med å samle inn midlar frå næringslivet, og er spente på resultatet. Spelemiddelsøknadene for neste år må sendast innan 15. januar, men finansieringsplanen treng ikkje om å vere ferdige før ut februar. Vi vonar å få klar planane både for Spønhaugen-Sætra, og frå Ljøsætra fram på kanten. Vi har så langt fått inn ca. 10.000 kr. frå private, og har som mål å klare 50.000 kr. til saman med private midlar. På nyåret vonar vi fleire vil støtte oss med pengar slik at vi når målet. Viss 150 stk. betaler 300 kr. kvar blir det 45.000 kr. Kontonr. er framleis 3910.46.24069.

Hjørungdal nemner også arbeidarane som har gjort ein flott jobb og skriv;

Når eg skriv om arbeidet med Ljøbrekka, må eg ikkje gløyme sherpaene og maskinkøyraren, alle flotte folk som stod på og gjorde sitt beste heile tida. Dei kjem att til våren, og klarer vi å finansiere arbeidet vidare, er vi komne fram på kanten mot Stranda til hausten.

Ein polsk gravemaskinkøyrar og to sherpaer frå Nepal jobb seg opp mot Spønhaugen i haust. I april er dei tilbake etter planen.
Ein polsk gravemaskinkøyrar og to sherpaer frå Nepal jobba seg opp mot Spønhaugen i haust. I april er dei tilbake etter planen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380