Lokalnytt

Kraftverkprosjekt og linjetrase på høyring

Haugedalen.
Haugedalen.

Fire kraftutbyggingsprosjekt i Stranda og nettsaka om ny linje Tomasgard – Tryggestad blir lagt ut på høyring i løpet av nær framtid.

Overingeniør ved konsesjonsavdelinga for småkraftverk i NVE, Brit Torill Haugen opplyser at fire søknader om konsesjon for kraftutbygging i Stranda kommune har vore til behandling og at det er rett før desse kjem på høyring. Mest sannsynleg i neste veke (veke 50) eller veka etter der.

Også linjetrase på høyring

Overingeniør Haugen opplyser vidare at småkraftsakene vil vere på høyring saman med nettsaka om oppgradering / ny kraftledningstrase mellom Tomasgard og Tryggestad.

Det vil bli arrangert folkemøte i løpet av høyringsperioden. Dato er ikkje bestemt enda, men det vil bli på nyåret ein gong. Dette vil bli kunngjort i eiga kunngjering, skriv overingeniør Brit T. Haugen.

Fire kraftverk

Dei fire kraftverka der planane for utbygging skal ut på høyring er;

Storfossen minikraftverk, Geiranger, produksjon 5.60 GWh

Langedalselva kraftverk, Sunnylven, produksjon 20.40 GWh

Hauge kraftverk, Sunnylven                produksjon 15.50 GWh

Røyrhus kraftverk, Sunnylven ,          produksjon 6.95 GWh

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380