Lokalnytt

Mot ljosare tider

I slutten av november, ein av dei siste dagane med solstrålar i Sunnylvsbygda.
I slutten av november, ein av dei siste dagane med solstrålar i Sunnylvsbygda.

Tysdag 22. desember klokka 05.48 «snur» sola og vi går ljosare tider i møte.

På den nordlege halvkule er vintersolkverv årets kortaste dag. Vintersolkverv eller midtvinter er kvart år mellom 20. og 23. desember på den nordlege halvkule. Under solkverv «snur» jorda i si bane rundt sola. Det betyr at sola er på sitt lavaste denne desemberdagen. Då har jorda størst halling vekk frå sola.

Frå 22. desember går vi stadig ljosare tider i møte sjølv om vi ikkje vil merke så mykje av det i desember. Men i løpet av januar blir dagen over to timar lenger, i følgje almanakk for Norge.

Også neste år er det solsnu 22. desember og berre eitt minutt seinare enn i år, klokka 05.49.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380