Lokalnytt

Ny triveleg nissefest

Her er nissemor og nissefar.
Her er nissemor og nissefar.

Det vart julesongar, servering av god risgraut, julegløgg og ei lita overrasking til slutt då nissefamilien inviterte til førjulsfesten på låven i Hellesylt Bygdetun.

Det lyste så flott frå faklar lags med råsa gjennom skogen til Bygdetunet då vi tok turen til nissefest fredag kveld, i år for fjerde gong. Innvendig var den gamle låven pynta for fest, juletre med lys var på plass, i tillegg til andre julelenker som lyste opp. Og med flotte dekorasjonar på borda vart det heimekoseleg stemning for 35 frammøtte, litt ferre enn rekordbesøket i fjor.

Også i år var nissefamilien på plass i sin finaste stas. Dei er i god form så det blir nok fleire nissefestar sjølv om det verka som nissefar var blitt litt skralare til fots. Han måtte få hjelp frå mange når han skulle røyse seg frå høystålet, men ein luring er han. Det skulle vise seg etter kvart at han hadde gjort ein nissestrek noko nissemor refsa han for.

For tre år sidan var det stor leiteaksjon etter gryta då det skulle serverast julegraut. I år var den store gryta på plass og nissemor ausa med si største sleiv. Men fyrst skulle det syngjast og som naturleg var vart det «På låven sitter nissen», ikkje berre eitt vers, men to. Så var det utdeling av graut og gløgg til alle og grauten med sukker, kanel og rosiner på var som vanleg god.

Nissemor fortalde at ho hadde med ei overrasking i år. I nissefamilien hadde dei baka julemann som alle skulle få smake. Ho henta den store raude kakeboksen sin, men då ho opna loket var der berre to igjen. Julemanntjuven viste seg å vere nissefar, han hadde gjort ein nissestrek. Han ville sikre seg den gode julebaksten til seg sjølv. Men alt enda godt, etter ein liten leiteaksjon der mange små detektivar var gode hjelparar fann dei ryggsekken til nissefar med julemann. Dermed vart det ein ekstra go`bit som avslutning på nok ein trivele nissefest på låven i Hellesylt Bygdetun.

Nissemor ausa opp graut til alle med den største ausa si.
Nissemor ausa opp graut til alle med den største ausa si.
Mange ha vore på alle dei fire førjulsfestane . Her kjem Arnfinn til festlokalet.
Mange ha vore på alle dei fire førjulsfestane . Her kjem Arnfinn til festlokalet.
Julebaksten er komen til rette og nissemor er klar til å dele ut.
Julebaksten er komen til rette og nissemor er klar til å dele ut.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380