Lokalnytt

Stort og smått, frå året som er gått, del 2.

Eit langt og fargerikt folketog under 17-mai feiringa på Hellesylt.
Eit langt og fargerikt folketog under 17-mai feiringa på Hellesylt.

I mai kom våren og etter kvart ein livfull sommar. Her er litt av det hellesylt.info omtala gjennom fire sommarmånader.

Mai

Fredag 1. mai starta gamle, gode Bolsøy ein ny ferjesesong mellom Hellesylt og Geiranger, to dagar seinare vart sju unge konfirmert i Sunnylven kyrkje av sokneprest Stein Karstensen. Stranda Energi kablar høgspentlinja heilt til Kjellsmyra i Sunnylvsbygda, den store Jentebylgja gjekk av stabelen lokal tidleg i mai, Frank Ole Bonsaksen held fram som styreleiar i Hellesylt Småbåtlag, og på Hølsbakken blir «reinene» flata ut til gode, drivverdige bøar.

Inger Trans fekk ny, stor turbuss, og på Peer Gynt Galleriet vart Monica Rødven tilsett som dagleg leiar, Stranda og Sunnylven damelag tapte 0-3 for FK Sykkylven i fotball, fotballgruppa arrangerte underhaldningskveld med «Fossedur» og damekor, og 14. mai la cruiseskipet Black Watch til ved Hellesylt kai som det fyrste i 2015.

På Åseneset hjelpte skuleelevar med rydding på buplassen Kurlå, og på Hellesylt feira heile Sunnylven 17. mai med mange programinnslag under folkefesten. Av dei mest aktive var Sunnylven skulekorps som tidlegare i mai vart overrekt 50.000.- kroner som gåve frå Sparebanken Møre til kjøp av instrument.

Sunnylven samfunnshus vart vedteke endra frå partslag til foreining, tok i bruk nytt kjøkken, og på Peer Gynt Galleriet vart torsdagar fast balldag resten av sommaren.

NVE utsette synfaringa av aktuelle utbyggingar for kraftproduksjon til våren 2016, og i slutten av mai var våren komen alle stader i Sunnylven.

Speidarar frå Skodje slo leir ved Nedstevatnet, Rust Foto ved Eivind Louis Helset var fyrste utstillar i Peer Gynt Galleriet, Stranda Røde Kors heldt kurs i lunge og hjarteredning og bruk av hjartestartar for trenarar og tillitsvalte i Sunnylven IL, og på Helset kom snøraset «Kujukelen» natt til 30. mai.

Storfjorden Venner markerte 40 år med utgjeving av boka "Med hjarte for arven".
Storfjorden Venner markerte 40 år med utgjeving av boka «Med hjarte for arven».

 

Juni

Devold opna eit nytt sommarutsal i det gamle meieriet tidleg i juni, sommarkonserten med Stranda kulturskule vart ei fin oppleving, og i Hellesylt Bygdetun blir det oppdaga store råteskadar og utsig av grunnmur på det gamle våningshuset.

Storfjordstemnet vart flytta frå Kurlå og Åseneset til Sunnylven samfunnshus grunna utrygt ver. Her var landbruksminister Sylvi Listhaug stemnetalar.

Tunneldrifta i Ljøtunnelen vart litt hindra av stor vasslekasje, Knut O.K. Hole starta El-sykkelutleige på Hellesylt og under skuleavslutning fekk 11 elevar sine avgangsvitnemål ved Sunnylven skule.

Det vart halde friluftsgudsteneste i Moldskreddalen, og på Peer Gynt Galleriet song Kristian Haugen, Hornindal eigne viser under opning av fotoutstilling med fotograf Kenneth Enstad. Sommardagar på Hellesylt vart til Hellesyltdagane i 2015 med ny logo designa av Karoline Aaland.

Sunnylven J16 spela finale i Stordal Cup , men tapte 0-5 for Sykkylven Kvit. Martin Janssen hadde premiebordet klart i god tid før Fjellflyging frå Helsetkopen, og søndag 30. juni starta årets sommarsamling med Lyn Ski-utøvarar i Sunnylven.

Cruisskipet Splendida ved Hellesylt kai.
Cruisskipet Splendida ved Hellesylt kai.

 

Juli

Hellesyltdagane 2015 vart ein ny, stor suksess for arrangøren. Flott ver, masse folk, kyrkjekonsert med visesongar Lars Bremnes og svært gode innslag frå utescena. Hellesyltløpet fekk nye løpsrekordar både for damer og herrer, og andesleppet sette rekord i antall selde ender.

Frå fjellet Helsetkopen var det konkurranse mellom dristige menn og kvinner i fjellflyging.

I Sunnylven kyrkje var det konsert med fem elevar frå Barratt-Dues musikkinstitutt i Oslo, og ved Hellesylt kai la 333 meter lange Splendida til utan problem. Olsokkonserten i Lensmannsstova på Lillebø vart besøkt av mange og i Korsbrekkeelva fekk 3 år gamle Casper Tryggestad Røyr ein laks på 6-7 kilo, godt hjelp av morfar Rune.

På Hellesylt opna ny kaffibar, Kristine Hjellbakk Hole vann Jordbærdilten i Valldal, og med turistferja var trafikken god til tross for prisauken.

Bønder i heile Sunnylven hausta store grasavlingar denne sommaren, men juliveret var ikkje av det beste. I Bydetunet vart det feira olsok med programinnslag og rjomegraut, og Siri Korsbrekke med slektsrøter frå Sunnylven deltok for Norge i undervannsrugby. I Korsbrekkeelva var det mistanke om sabotasje med ei luke i ei laksetrapp utan at det vart stadfesta.

Bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter fekk seg ferjetur til Geiranger også i 2015.
Bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter fekk seg ferjetur til Geiranger også i 2015.

 

August

I Sunnylven kyrkje samla konfirmantar frå åra 55 og 65 seg for å minnast tilbake, ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad var gjest i TV-programmet Lindmo der praten dreia seg om katastrofefilmen Bølgen, og i løpet av august var det veteranbiltreff på Hellesylt med mange flotte køyretøy til stades.

Pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter vart invitert på tur med turistferja frå Hellesylt til Geiranger og tilbake. Mange var med på gratis «sveletur» også denne sommaren.

Valet i september venta og fleire toppolitikarar var innom Hellesylt, som samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen frå Frp og stortingsrepresentantane Jenny Klinga og Liv Signe Navarsete frå Sp, og Ola Elvestuen frå Venstre.

To tyske musikarar, Alexander Pfeifer og Frank Zimpel imponerte med framføring av musikkverk av gamle og nyare komponistar, og leikarringen i HUL besøkte cruiseskipet Veendam.

 

17. august starta skulen opp igjen med 10 fyrsteklassingar. Per Brustuen tok største laksen i Korsbrekkeelva i 2015, ein rugg på 14.0 kilo, og på Frøysa var Distanseritt med Stranda Ride og Køyreklubb som arrangør, og arbeidet med restaurering av Postvegen starta .

Her er innslag frå utescena under Hellesyltdagane med lokale aktørar, og fjellflyging frå Helsetkopen:

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380