LokalnyttLokalsport

Delte sigeren i Jenter 16 år

Inger Ringdal Sæter fekk ekte gullfarga KM-medalje etter at arrangøren endra resultatlista.
Inger Ringdal Sæter fekk ekte gullfarga KM-medalje etter at arrangøren endra resultatlista.

Inger Ringdal Sæter vart fyrst tildelt sølv under KM i langrenn sist laurdag. No er resultatlista endra til delt gull i klasse J16 år.

Vi melde laurdag at Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL var eitt fattig sekund frå gullmedalje under KM 5.0 km fri teknikk på Bondalseidet. No er resultatlista i J 16 år endra og Inger deler gullet med Vilde Roysdatter Lange, Vistdal IL. Dermed tok Sunnylven IL tre gull og ei bronsemedalje under KM fri teknikk.

Inger Ringdal Sæter gjekk eit godt renn. På sekunderingspost 500 meter før mål leia ho med ca. fem sekund, men vart klokka in eitt sekund frå siger. No har arrangøren gjort om på resultatlista til delt fyrsteplass.

1.Vilde Roysdatter Lange, Vistdal IL 13.38

1.Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL 13.38

3.Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL  13.52

4.Marta Eik, Tomrefjord IL                 14.30

5.Sofie Klokset, Tomrefjord IL            15.16

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380