Lokalnytt

Fartsfull dag i Fjellrosa

13 medlemer i Fjellrosa 4-H hadde aktivitetsdag ved Helsetvatnet laurdag. Til venstre Silje Stadheim som er klubbrådgjevar.
13 medlemer i Fjellrosa 4-H hadde aktivitetsdag ved Helsetvatnet laurdag. Til venstre Silje Stadheim som er klubbrådgjevar.

Det vart servert hockey-pasningar, og go`saker frå grillen då Fjellrosa 4-H hadde aktivitetsdag på Helsetvatnet laurdag.

Fjellrosa 4-H er ein av to klubbar i Stranda kommune, og klubben i Sunnylven har 16 medlemer. I 2015 gjorde tre medlemer seg fortent til den høgaste utmerkinga innan organisasjonen, så til våren dreg Anette Frøysa, Lars Kvam Karbø og Irene Trøen Frøysa til Molde for å motta 4-H plaketten for framragande arbeid med oppgåver og klubbaktivitetar.

Den neste frå klubben som kjem til å få denne utmerkinga er Johanne Tryggestad som er sekretær i styret og inne i sitt siste år som 4-H medlem. I styret har ho med seg Ole Iver Kjellstad som leiar og Ottar Frøysa Hellebostad som kasserar.

Silje Stadheim er klubbrådgjevar A og Ester Kjellstadli klubbrådgjevar B i Fjellrosa 4-H. Nyleg var Silje på inspirasjonskurs i Straumsnes på Nordmøre saman med 20 andre foreldre og 4-H leiarar. Det var nyttig og motiverande, tykte ho.

Fjellrosa 4-H har 16 medlemer i år, men har plass til fleire. Om nokon har lyst å bli med er det berre å ta kontakt, men no hastar det. Snart skal alle bestemme seg for kva oppgåver dei skal arbeide med fram til haustfesten i september/oktober. Utvalet av oppgåver er stort og variert, seier Silje Stadheim.

På Helsetvatnet var 13 klubbmedlemer, leiarar og foreldre samla til uteaktivitetar laurdag. Der vart det spela hockey-kamp, gått på skøyter, grilla, smaka på kanelbollar, kakao og andre gosaker. At det var nær ti minusgrader i lufta gjorde ingen ting. Alle kosa seg og såg fram til neste aktivitetsdag.

Adrian t.v., Simen og Ottar laga seg mykje godt på grillen.
Adrian t.v., Simen og Ottar laga seg mykje godt på grillen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380