LokalnyttLokalsport

Fjerde best i Midt Norsk meisterskap

Kristine Hjellbakk Hole, her under Sunnylvscup på ski i 18. januar.
Kristine Hjellbakk Hole, her under Sunnylvscup på ski i 18. januar.

Kristine Hjellbakk Hole kom på fjerde plass under Midt Norsk meisterskap ved Nordmarka idrettssenter i Surnadal laurdag.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL er einaste deltakar frå Sunnylven IL under Midt Norsk meisterskap i langrenn for 13 til 16 år. Men Kristine representerte klubben på ein framifrå måte i J14 laurdag då ho vart nr. fire, berre 11.0 sek bak vinnar Louise Ronglan. Dei tre fyrste på resultatlista var frå Trøndelag.

I alt 21 løparar frå Møre & Romsdal og Trøndelag fullførte 4.0 km. klassisk i J14 år. Nest best frå Møre & Romsdal vart Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL på 9. plass.

Meisterskapen held fram søndag med 2.0 km. fristil for alle klasser.

Resultatliste Midt Norsk meisterskap, J14.
Resultatliste Midt Norsk meisterskap, J14.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380