Lokalnytt

Folkerik kveldstrim

Ruth Hole Aaland frå trimgruppa sytte for at alle spreke trimmarar vart registrert.
Medlem i trimgruppa Ruth Hole Aaland til høgre sytte for at alle spreke trimmarar vart registrert.

Kveldstrimmen til Frøysadal onsdag kveld vart besøkt av heile 86 unge og eldre. Ti av dei  fekk seg premiar etter loddtrekning.

Frøysadalen vart som ei julegate då 86 unge og eldre var på veg mot registrering fremst i dalen ved vegkrysset til Djupgjølet onsdag kveld. Dei fleste hadde rusta seg med haudelykter som lyskjelde, andre bar på meir levande lyskjelder, for nymånen for tre dagar sidan gav lite lys gjennom skylaget.

Ved bålet vart alle trimmarar registrert av medlemer frå trimgruppa i Sunnylven IL. Alle var med i uttrekning av ti premiar og dei heldige vinnarane vart: Nina Hole, Thomas Hole, Kari Hauso Stadheim, Mia Sjåstad, Lill Susann Hole, Hilde Langlo Brekke, Ann Kristin Wollsæter, Kato Røyr, Fredrik Fivelstad Stadheim, Jakob Sæther.

Trimtreff i mørke er eit flott tiltak. Deltakinga viste at mange set pris på arrangementet sjølv om det ikkje vart rekorddeltaking denne gongen. Under kveldstrim til Kjellstaddalen i november vart det registrert 91 frammøtte.

Mathilde Tryggestad Forbord t.v. og Renate Hellebostad hadde skaffa seg faklar som lyskilde på trimturen.
Mathilde Tryggestad Forbord t.v. og Renate Hellebostad hadde skaffa seg faklar som lyskilde på trimturen.

Frøysadaltrim 3

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380