Lokalnytt

Informerte om linje og kraftverk

Fire representantar frå NVE var på folkemøtet, mellom dei seksjonssjef Øystein Grundt til venstre.
Fire representantar frå NVE var på folkemøtet, mellom dei seksjonssjef Øystein Grundt til venstre.

Ny kraftlinje gjennom Langedalen er truleg avhengig av om det kjem fleire småkraftverk i Hellesylt-området. Avgjerda om det ligg til NVE.

Mange møtte fram på folkemøte som NVE og SFE Nett AS heldt på Hellesylt tysdag kveld. Der vart planar for ny 66/132 KV kraftlinje gjennom Langedalen og konsesjonssøknader for fire nye småkraftverk i Stranda presentert, tre av dei i Sunnylven.

I orientering om saksgang og prosjekt deltok fire frå NVE, tre frå SFE Nett AS, og adm. dir. Ola Raknes frå Stranda Energi AS.

Det vart eit roleg og sakeleg møte på Sunnylven samfunnshus. Om det er lite kontroveriselle energiprosjekt som vart belyst skal vere usagt. I alle fall vart det orientert svært godt og opplysande om alle utbyggingane.

Saksgang

Mellom representantane frå NVE var også seksjonssjef Øystein Grundt. Han leia møtet.

Førstekonsulent Lars Hagvaag Seim er konsesjonshandsamar for kraftleidningar. Det var no eit stort etterslep med mange konsesjonssaker for linjebygging, sa Seim som gjekk gjennom saksgangen, søknad, høyring og fram til vedtak. NVE jobbar ut frå mange lover, energi, oreigning, plan og bygningslov og naturmangfaldslova, sa Seim som også kom inn på korleis ei kraftleidning kan byggjast for å vise igjen minst mogleg og til lite ulempe. I den aktuelle saka om ny kraftleidning gjennom Langedalen håpa han på innspel om der var betre løysingar enn dei skisserte. Alle innspel måtte vere skrifteleg og før 5. april 2016, sa Lars Hagvaag Seim.

Kartet viser alternative linjetrasear gjennom Langedalen.
Kartet viser alternative linjetrasear gjennom Langedalen.

Ny kraftlinje

Linja gjennom Langedalen blir bygd for 132 KV, men vil bli drifta som 66 kV dei fyrste åra, sa nettdir. Atle Isaksen frå utbyggar SFE Nett AS. Den er planlagt ut frå to alternative linjetrasear, men kva som blir valt er ikkje klart enno. Det blir frå 180 til 200 meter avstand mellom mastrene som ikkje kjem på dyrka mark i noko av alternativa. Linjetraseen vil bandlegge mellom 218 – 244 dekar, av dette 40 da. dyrka mark og beite og 80 da. skog av høg bonitet. SFE Nett kjøper ikkje grunn, men betalar erstatning for ulempe, sa Isaksen. -Selskapet prøver alltid å få til friviljuge avtalar utan å oreigne. Vi veit at mange advokatar ønskjer å selge tenester til grunneigarar som dei ikkje treng. Lat vi snakke i lag og bli samde-, sa Atle Isaksen.

Få spørsmål

Den nye linja med transformatorstasjon er kostnadsrekna 41.0 – 45.0 mill. kroner. Isaksen fekk spørsmål kva det ville koste Tryggestad Kraft AS å nytte den nye linja. Slik reglane var i dag ville det bli auka nettleige. Det var brukarane som etter dagens regelverk må betale linja, sa Isaksen og la til at om det ikkje kom meir ny produksjon i Hellesylt-området måtte SFE Nett tenkje seg om kva dei skulle gjere.

Det vart også stilt spørsmål frå Norges Naturvernforbud om linjetraseen var godt nok utgreidd biologisk då linja gjekk gjennom verdifulle naturvernområder.

Også Norges nasjonalfugl, Fossekallen vart teken inn i spørsmålsrunden. Området i Sunnylven hadde av dei største bestandane i landet, og fleire reir var alt øydelagde av tidlegare kraftutbygging, vart sagt. No stod nye reirplassar i fare, både i Røyrhuselva, Langedalselva og Haugedalselva.

Frå NVE vart svara at dei var klar over bestandane av Fossekall, og at dette ville bli teke med i vurderingane av prosjekta.

Fire kraftverk

Administrerande dir. i Stranda Energi AS, Ola Raknes gjekk gjennom dei viktigaste data for dei fire småkraftprosjekta som det var søkt konsesjon for. Storfossen minikraftverk ligg i Geiranger, dei tre andre, Langedalselva kraftverk, Røyrhus kraftverk og Hauge kraftverk i Sunnylven. Årsproduksjon og utbygningskostnad for dei fire kraftverka var:

Hauge kraftverk; 15.50 GWh, 60 mill, 3.87 kr/kWh

Røyrhus kraftverk; 6.95 GWh, 23 mill. 3.34 kr/kWh

Storfossen minikraftverk; 5.6 GWh, 19.5 mill. 3.78/kWh

Langedalselva kraftverk; 20.4 GWh, 60.9 mill. 2.99kr/kWh

Brit T. Haugen, NVE ønska seg høyringsuttalelsar. Alle kunne sende inn skrifteleg uttale om prosjekta innan fristen 5. april 2016. Til sommaren i veke 25. (20 – 26 juni) blir det befaring av alle dei omsøkte konsesjonsprosjekta.

Dir. Atle Isaksen i SFE Nett AS (i midten) informerte om den planlagde kraftlinja.
Frå venstre Kristen Skrivarvik, SFE Nett, Atle Isaksen, SFE Nett, Åsmund Kleiva Nilsen, Jøsok Prosjekt AS, innleigd konsulent i arbeidet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380