LokalnyttLokalsport

Innviterer til cup i miniatyrskyting

Det er elektronisk anvisning under miniatyrskytinga som alle kan følge med på frå opphaldsrommet.
Det er elektronisk anvisning under miniatyrskytinga som alle kan følge med på frå opphaldsrommet.

Sunnylven skyttarlag held på tradisjonen og inviterer til ny bedriftscup i miniatyrskyting. Lag, organisasjonar og bedrifter blir oppmoda om å melde seg på.

Skyting er ein idrett som passer for alle, heiter det i innbydinga frå Sunnylven skyttarlag, eit lag med aktive skyttarar i alle aldersgrupper. I miniatyrcupen kan alle på alle alderstrinn delta, både menn og kvinner på lag som har inntil tre skyttarar.

 Sunnylven skyttarlag har sendt ut denne innbydinga med reglar for skytinga;

 -Skytinga vert organisert slik:

Skytinga vil finne stad på miniatyrbana til Sunnylven skyttarlag på Hellesylt på onsdagar i februar og mars.

  1. Runde 10.02
  2. Runde 17.02
  3. Runde 02.03
  4. Finale 17.03

Kvar bedrift/lag kan delta med eit eller fleire 3- manns lag. Det vert skote tre rundar der dei to beste kveldane for laget vert teljande. Det vert skote 25 skot pr. kveld. Det heile blir avslutta med finale den 17. mars.

Skyteprogram

kl Jr,1,kl 2, v55,v65,v73 : 5×5 skudd ligg

kl kl 3,4,5: 2×5 skudd kne 3×5 skudd ligg

Skytetid er 3 minutt pr. serie

Det kan ikkje nyttast spesialutstyr som skytejakke/bukse av skinn/kanvas, skytehanske (spesial) eller skytesko. Ankelpølle, skytebrille, skytelue/skjerm og jakt/skihanske er tillatt.

Deltakarane skal ha tilknyting til bedriftene/organisasjonen dei representerer. Dei to beste poengsummane for laga vert teljande for kvalifisering til finalen. Skyttarlaget låner ut Sauer til alle deltakarar. Skytetider og resultatlister vert lagt ut på skyttarlaget si heimeside www.skyttar.no

Påmelding til Sunnylven Skyttarlag 6218 Hellesylt

E-post : sunnylven@skytterlag.no

Tlf 409 18 671

Påmeldingsfrist Fredag 05.02.2016

Deltakaravgift 500,- pr. lag.

Deltakaravgifta inkluderer ammunisjon for alle rundane. Vi håper vi kan møtast nokre fine vinterkveldar på skytebana ved Hellesylt stadion-, heiter det til slutt i innbydinga frå Sunnylven skyttarlag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380