Lokalnytt

Mykje mat frå bøndene i Stranda

Stranda er største geite-kommune i Møre og Romsdal. Biletet er frå Sunnylvs-Moldskreddalen.
Stranda er største geite-kommune i Møre og Romsdal. Biletet er frå Sunnylvs-Moldskreddalen.

Tal frå Landbruksdirektoratet for 2014 viser at bøndene i Stranda produserer mykje mat og at kommunen er ei av dei aller største jordbrukskommunane i Møre og Romsdal.

Landbruksdirektoratet har laga eit oversyn frå 2008 til og med 2014 over det norske bønder produserer av mjølk og kjøtt i kommunar og fylke. Her viser tala at bøndene og jordbruket i Stranda kommune er av dei største matprodusentane i Møre og Romsdal.

Totalt for ku og geitmjølk er Ørsta størst på Sunnmøre med Stranda på andre plass. I heile Møre og Romsdal leverte bøndene 146.823.050 liter mjølk i 2014. Av dette kom 6.058740 liter frå Stranda kommune, 4.993.049 liter ku og 1.065.691 liter geitmjølk. Når det gjeld geitmjølk toppar Stranda kommune statestikken, føre Norddal og Ørsta.

Av kjøtt og ull leverte bønder i Stranda 455.4 tonn i 2014. Det fordelte seg slik:

Storfe 223.9 tonn, Sau 80.5 tonn, Geit 11.6 tonn, Gris 116.1 tonn, Ull 23.0 tonn.

Som statestikken viser er sauehaldet ei betydeleg næringsgrein i Stranda og nest største i fylket i 2014. Rauma var størst, der leverte bøndene 122.9 tonn til fårikål, pinnekjøt og andre go`saker på matbordet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380