Lokalnytt

Nye energiprosjekt på høyring

Kraftlinje

I Sunnylven er Langedalselva Kraftverk, Røyrhus Kraftverk og ny kraftleidning Tomasgard – Tryggestad no lagt ut på høyring.

Stranda Energi AS sin søknad om utbygging av Langedalselva Kraftverk er ute på høyring. Det same er Røyrhus Kraftverk, begge med høyringsfrist 5. april 2016.

Produksjonen ved Langedalselva Kraftverk er berekna til 20.40 GWh, og ved Røyrhus Kraftverk 6.95 GWh.

Ny kraftleidning

Også SFE Nett AS sin søknad om bygging av ny kraftleidning frå Tomasgard til Tryggestad/Litlebø og transformatorstasjonar er ferdig behandla av NVE og ute på høyring. Tysdag 26. januar blir det folkemøte med orientering om alle desse sakene på Sunnylven samfunnshus.

Konsesjonssøknade frå SFE Nett AS omfattar spenningsoppgradering av eksisterande 22 kv-leidning på strekninga Tomasgard – Støverstein, og bygging av ny 66 (132) kv-leidning frå Støverstein til Tryggestad i lengde 7.2 eller 8.4 km. alt etter kva trase av to som blir valgt. Vidare også legging av jordkabel og utviding av transformatorstasjon ved Tomasgard og bygging av ny ved Tryggestad eller Litlebø.

Primært formål med tiltaket er å gje nettkapasitet for konsesjonssøkte og konsesjonsfrie småkraftverk i Hellesyltområdet. Kostnaden er berekna til 41.6 mill. kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380