Sterk KM-innsats
Inger Ringdal Sæter var eitt sekund frå KM-gullet i J16 år på Bondalseidet laurdag og måtte nøye seg med sølv denne gongen. Også tre andre frå Sunnylven IL kom heim med edle KM- medaljer.
Sunnylven IL gjorde ein flott innsats i KM langrenn under meisterskapen i fri teknikk på Bondalseidet laurdag. Kristine Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole tok begge gull.
Inger Ringdal Sæter tapte med minst mogleg margin, med eitt sekund i J16 og fekk sølv, og Kasper Ringdal i G15 tok si første KM-medalje i langrenn då han kom i mål til tredje plass og bronse. Johanne Ringdal Sæter deltok i J13 og fekk 6. plass, medan Lone Ringdal i J11 deltok utanfor KM-konkurransen og vart nr. tre.
Meir kjem.