Attval i Joyful

Påskemusikalen "Har du hørt det" er blitt framført av Joyful i påska i fleire ti-år. Snart blir musikalen å høyre i Sunnylven kyrkje igjen.

Påskemusikalen «Har du hørt det» er blitt framført av Joyful i påska i fleire ti-år. Snart blir musikalen å høyre i Sunnylven kyrkje igjen. (Foto frå arkivet)

Heile styret tok attval då ungdomskoret Joyful heldt årsmøte etter eit aktivt år. Og snart er det nye, spanande songopptredenar for koret.

Randi Sæter og resten av styret i Joyful tok attval då ungdomskoret hadde sitt årsmøte på Sunnylven kyrkjelydshus nyleg.

Styret er: Randi Sæter leiar, Synnøve Hjellbakk Hole nestleiar, Janne Grov kasserar, Jorun Trøen sekretær, Ann Kristin Wollsæter styremedlem.

Varamedlem til styret er Trine Tryggestad Forbord og valnemnd Barbro Lade og Solveig Førde.

Av årsmeldinga går det fram at koret har hatt eit aktivt år i 2015. Koret har hatt 13 medlemer og musikalske leiarar har vore Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim. Av opptredenar kan ein lese om framføring av påskemusikal, korkafe på Kyrkjelydshuset og deltaking under Strandadagane. Og det har blitt vakker song under hausttakkefest, TV-aksjon, Lys Vaken, Lysmesse og julekonsert, alt i Sunnylven kyrkje.

Det nye songåret blir også svært aktiv og spanande, kan Randi Sæter fortelje. Mykje er alt plassert på aktivitetsplanen og meir kjem etter kvart. Det fyrste er framføring av påskemusikalen i Sunnylven kyrkje, det blir deltaking under 17. mai-feiringa og laurdag 4. juni held koret jubileumskonsert. –Vi er også blitt bedne om å syngje saman med Trine Rein under kyrkjekonserten 8. juli, og det blir veldig kjekt, seier ho.

Dei fleste i koret og fleire foreldre møtte på årsmøtet. Det var diverre ingen nye songarar som starta sist haust, men koret er heldige med at dei «store» kormedlemane som har flytta heimanfrå, fortsatt er med når det trengs, fortel Randi Sæter. Til slutt på årsmøtet vart det servert kveldsmat, catering frå Byrg Kompetanse som fall i smak hos alle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380