Gjenhøyr med Rune Larsen på Hellesylt
Rune Larsen, programvert og songartist kjem til Hellesyltdagane med gratiskonsert frå utescena laurdag 9. juli.
Under Hellesyltdagane 2016 blir det gjenhøyr med songartisten Rune Larsen. I 2004 var han og Tor Endresen artistar under konserten i Sunnylven kyrkje, og «Lollipopgutta» samla så godt som fullsett kyrkje. Dagen etter fekk ei ny, stor forsamling høyre Rune Larsen og musikarar frå utescena på Ole Ringdals plass.
I år blir det gjenhøyr med Rune Larsen under Hellesyltdagane laurdag 9. juli. «Frå rockens konge til kongenes konge» er ei musikalsk vandring i Rune Larsen sitt liv som starta på 60-talet i ungdomsrestauranten Scala i Bergen med poplåt av Elvis. 50 år seinare har han besøkt dei fleste scener i landet med vakker song og sitt smittande gode humør. Ei morosam forteljing er alltid på lur hos Rune Larsen, som den han kom med til Sommardagavisa på Hellesylt i 2004;
«Enkelte påstår at dei veit kva musikk Gud likar best. Sjølv er eg usikker på om Gud likar orgelmusikk, men vi må vere opne for det også».
Mange huskar Rune Larsen frå Beat-perioden på 60-talet, men etter kvart vart han kristen og musikkstilen gjekk over til gospel. Ut over på 70- og 80-talet vart det TV-program som «Gospelkveld» og «Hele menigheten synger». Kjenningsmelodien frå programmet, «Han er min song og min glede» blei ei landeplage og innkasserte Rune den fyrste gullplata for 50 000 selde eksemplar.
Laurdag 9. juli står Rune Larsen på utescena under årets Hellesyltdagar. Konserten er ein gratiskonsert, opplyser arrangøren, og er ei vandring gjennom Rune sitt lange og flotte musikalske liv.