Lokalnytt

Reparerer vegen ved Vardegjølet

Det blir ingen utviding av vegen i Berga forbi Vardegjølet i denne omgang.
Det blir ikkje utviding av vegen i Berga forbi Vardegjølet i denne omgang.

Vegen forbi Vardegjølet i Berga mellom Frøysa og Hole blir reparert og forsterka til våren. Det blir ei minimumsløysing i denne omgang.

Arne Leikanger i Vegvesen har jobba med fleire løysingar for å utbetre det svekka og smale partiet på fylkesveg 80 ved Vardegjølet. Det har blitt sett på fleire alternativ, også for ein omkøyringsveg, men uråd å få til om ein skal unngå å kome i berøring med ein gamal kløvsti som går forbi oppe på hammaren, seier Leikanger.

-Då vi ikkje har kome fram til ei løysing med omkøyringsveg finn vi det ikkje forsvarleg å gå i gong med utviding av eksisterande veg og sprenging av fjell i den høge hammaren. Skulle det falle ei stor steinblokk ned i vegbana, kunne den skade eksisterande vegkonstruksjon og i verste fall gjere grenda frå Hole og oppover veglaus. Og all sprenging på staden ville gjere det utrykt å sende trafikk forbi, seier Arne Leikanger.

Vi har sett på mange løysingar for å utføre utvidinga, men det blir ei minimumsløysing i denne omgang med kontroll av muren, nytt rekkverk og ny asfalt. Så får det bli opp til andre å vurdere om ein skal slå ein tunnel forbi staden seinare, seier Arne Leikanger. Arbeidet med reparasjon av vegen ved Vardegjølet vil starte opp til våren, truleg i april.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380