Notiser

Døyper Ribb-båt i Geirangerfjorden

Her er "dåpsbarnet", Ribben som får sitt offisielle namn ved "Dei sju systre" søndag klokka 15.00.
Her er «dåpsbarnet», Ribben som får sitt offisielle namn ved «Dei sju systre» søndag klokka 15.00.

Ribb-båten som familien Bonsaksen på Øvre Ljøen har kjøpt inn til turistverksemd på fjorden blir døypt ved «Dei sju systre» i Geirangerfjorden søndag.

Søndag blir det båt-dåp ved «Dei sju systre», fortel Bente Bonsaksen på telefon frå Øvre Ljøen. Og det er den nye Ribb-båten deira som skal få namn like under det kjente fossefallet i Verdsarvfjorden. Namnet på båten som med to motorar yter til saman 450 hestekrefter er bestemt, men vil ikkje vere offisielt kjent enno, seier Bente.

Bente Bonsaksen håper mange blir med på denne litt spesielle hendinga. Familien Bonsaksen køyrer inn til dåpsstaden med tre båtar, og sjølv om mange frå eigen familie vil vere med, har dei plass til 15 – 20 personar ekstra. På Hellesylt har fleire eigne båtar så det hadde vore ekstra stas om mange blei med, seier ho.

Bente inviterer til oppmøte i småbåthamna på Hellesylt rundt klokka 14.00 på søndag. Der blir det grilling av pølser på bålpanna, før turen går til dåpsseremoni ved «Dei sju systre» klokka 15.00..

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380