Drøftar Bergly på årsmøte
Sunnylvsbygda grendalag held årsmøte 14. april. Der blir framtida for forsamlingshuset Bergly også drøfta.
Forsamlingshuset som Sunnylvsbygda Kristelege ungdomsforeining fekk reist i 1903 har stått ubrukt i mange år og ingen har hatt ansvar for vedlikehald. På eit møte i august i fjor vart framtida til huset drøft utan at det vart vedteke noko løysing.
Tidlegare har hellesylt.info skrive om saka og fått desse opplysingane av Inge Bjørdal.
-Å reparere vil koste pengar, men kassa til ungdomsforeininga er tom. Tomten vart i si tid gjeve av alle grunneigarar på Frøysa, høgtideleg underteikna av alle. Huset kan nyttast til same føremål som tidlegare, men om det skal byggjast om til bustadhus kjem ein i konflikt med rasfåre. Området der huset står er som mange andre stadar raud sone. Der manglar innlagt vatn og der er heller ikkje avløp-.
Salsopplysningar:
Bakgrunn: Forsamlinghuset Bergly på Frøysa kan vere aktuelt for sal. Grunnen er at bygda no har eit forsamlinghus (Sunnylvsbygda grendehus på Hauge) som er godt i standsett, og det er ikkje lenger behov for forsamlinghus andre stader i bygda.
Bruk: Huset kan brukast til fritidsføremål (bruksendring).
Storleik på tomta: Ca. 1,2 dekar.
Vatn og avlaup: Det vil vere relativt enkelt å kople seg til vassverket på Frøysa. Avlaup er også mogleg å få til (separat anlegg).
Tilstand på huset: Det ligg føre ein rapport om tilstand og vurdering av bygget av Jens Peter Ringstad (arkitekt ved Fylkesmannen) etter synfaring i 2014.