Lokalnytt

Grendakveld for 39. gong

Bygdarane er klare til Grendakveld laurdag. Dei håper på fullt hus både på program og dans. (Foto frå arkivet 2013)
Bygdarane er klare til Grendakveld laurdag. Dei håper på fullt hus både på program og dans. (Foto frå arkivet 2013)

Det nærmar seg eit høgdepunkt for mange, både fastbuande og heimvende til Hellesylt i påska, nemleg den årlege Grendakvelden på Sunnylven samfunnshus, i år med Bygdarane på scena.

Grendakvelden i år er den 39. i rekka frå Dalarane stod for program og bevertning på den fyrste på 70-talet. Med eit par unntak har denne morokvelden blitt arrangert med dei tre bygdelaga, Dalen, Sjøen og Bygda som programvertar kvar sine år.

Laurdag 19. mars er det altså Bygdarane som serverer greinaløysa. For det blir mykje laust og lettliva når både siste åra største hendingar og anna frå bygda skal framførast frå HUL-scena. Leiaren i arrangørlaget Hellesylt Ungdomslag, Geir Frøysa var svært ordknapp når vi prøvde å frette han ut, men det einaste han røpa var at programmet varer ein time, framført av 12 – 15 unge og litt eldre og røynde personar.

Så dermed er det berre å leve i spaning fram til laurdag kveld klokka 19.30 når sceneteppet går frå. Dørene opnar ein time før, og med sal av forfriskningar. Etter programmet blir det servert spekemat, og til slutt spelar Kjetil Grodås til dans.

Det blir førehandssal av billettar laurdag 19. mars i vestibylen mellom kl. 12.00 og 14.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380