Lokalnytt

Har glede av hobbyen

Blomsterkrukka som Martin viser fram er kona Margreta godt nøgd med, så den er ikkje mellom premiane i år.
Blomsterkrukka som Martin viser fram er kona Margreta godt nøgd med, så den er ikkje mellom premiane i år.

Dreiing av pyntegjenstandar og bruksting er ein ti år gamal hobby for Martin Janssen. – Og gleda av å gje ein ting til andre er den beste betalinga, seier han.

Basehopparar som kastar seg ut for Helsetkopen landar like ved Martin Janssen og Helsetvatnet. I fjøset der Dagros, Litago og dei andre kyrne heldt til har han verkstad og dreiar i tre og laga andre flotte ting, ein hobby han har praktisert heilt sidan 2005.

Vi stakk innom Martin ein dag for å frette om han hadde førebudd premiefest til basehopparane også i år, slik han har brukt sidan konkurransane starta frå det 1246 meter høge fjellet i 2008. Jau, nye premiar var klare til våghalsane i vingedrakt, både til X2-Festivalen i april og til World Base Race under Hellesyltdagane i juli. Martin har brukt vinteren godt, for i år er det ikkje berre dei aller beste som skal få med eit minne heim, men alle dei ti fyrste i konkurransen få ein premie, har han bestemt.

Kva som blir fyrste premie og kva som blir tiande vil bli vurdert. Der er deltakarar som har vunne dreia treseidlar, pynteklokker, bollar og andre bruksting før. Dei bør kanskje få noko som dei ikkje har på premiehylla, synest Martin. Det trur vi dei vil finne, for variasjonen mellom gjenstandane vi fekk sjå var stor. Og han produserer av alle treslag, mange frå skogen på Helset, andre av emne han har funne på tur i terrenget.

Og det å gje vekk er ordet som går igjen, for kunstnaren Martin, opphavleg frå Nederland deler ut gratis, også premiane i fjellflygingskonkurransane.

-Det er berre ein hobby så betalinga er gleda eg har av å gje vekk ting, seier han. Men minst ein ting i stova på Helset blir ikkje utdelt som premie i år. Den store, dreia blomsterkrukka på golvet blir ståande. -Den likar Margreta så godt så den får eg visst ikkje gje vekk-.

Det er eit stort og variert premiebord som ventar basehopparane. Legg merke til seidlane som Martin held. Dei har handtak av kuhorn.
Det er eit stort og variert premiebord som ventar basehopparane. Legg merke til seidlane som Martin held. Dei har handtak av kuhorn.
Dei store seidlane som Martin viser fram er laga av gamal bjørk.
Dei store seidlane som Martin viser fram er laga av gamal bjørk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380