Lokalnytt

Peer Gynt Galleriet med i opplevingsrute

Det blir jobba på mange områder for å auke besøket av turistar til Peer Gynt Galleriet. På bildet Katrin Blomvik t.v., Jan S. Storstein og Lena Parr etter eit møte på Hellesylt nyleg.
Det blir jobba på mange områder for å auke besøket av turistar til Peer Gynt Galleriet. På bildet Katrin Blomvik t.v., Jan S. Storstein og Lena Parr etter eit møte på Hellesylt nyleg.

Hellesylt og Peer Gynt Galleriet kan bli ein av stoppestadane på ei ny reiserute for bussturistar. «I Grieg og Ibsen sine fotspor» blir opplevingsruta kalla.

Den siste tida har styreleiar i Peer Gynt Galleriet, Jan S. Storstein knytt kontakter til Vinstra i Gudbrandsdalen og Gålå. Der blir det jobba med ei ny reiserute for bussturistar med utgangspunkt frå Bergen, forbi Flåm til Fagernes, vidare over Valdresflya til Vinstra og Gålåspelet. Der snur reisa mot Lom, Geiranger, Hellesylt og til Ålesund for så å ta hurtigruta tilbake til Bergen.

Jan S. Storstein bekreftar at Peer Gynt Galleriet på Hellesylt kan bli eitt av reisemåla på bussreisa som vil heite «I Grieg og Ibsen sine fotspor». Til neste år feirer Peer Gynt 150 år med ei stor markering på Gålå og nytt oppsett av Gålåspelet. Der vil også Peer Gynt Galleriet på Hellesylt vere og bli profilert.

Profilering lokalt

Det blir også jobba på andre plan for å auke besøkstala til Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Sjølv om 2015 viste ein betydeleg auke frå året før må det fleire innom dørene for å få sunn og berekraftig drift, meinar Jan S. Storstein.

Det siste året har han jobba for eit tettare samarbeid med Fjordsenteret i Geiranger og der dagleg leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Katrin Blomvik har vore ei positiv kontakt. Han håper det kan bli avtale med ferjeselskapet The Fjords om utdeling av reklamemateriell om bord i turistferjene mellom Hellesylt og Geiranger til sommaren. Også andre tiltak som avspeling av reklamefilmen med Dennis Storhøi frå 2014 kan vere aktuell.

Under generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS 16. mars vil det bli orientert meir om desse og andre saker ved kunstsenteret som opnar for sesongen 1. mai.

Sjå: https://www.youtube.com/watch?v=F9_QRKBe_1Y

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380