Lokalnytt

Rift om Quiz-billettar

Som i jula blir det Quiz i Peer Gynt Galleriet, inne mellom Per Gynt-relieffa. (Arkivbilde frå jul -15)
Som i jula blir det Quiz i Peer Gynt Galleriet, inne mellom Per Gynt-relieffa. (Arkivbilde frå jul -15)

Mange vil på Quiz på Peer Gynt Galleriet onsdag i påskeveka. To dagar før var over halvparten av 120 billettar selde.

-No må alle som vil på Quiz snu seg rundt og melde seg på. Det har vore god pågang så langt og vi har selt mellom 70 – 80 billettar av 120. Det fortel Quizmaster Arild Ringdal. Han tek mot påmelding på mob. 90 68 23 99, på SMS eller innboksen på facebooksida til Arild, og ved frammøte på Peer Gynt Galleriet frå kl. 18.30.

Kvart lag kan ha inntil seks personar a. kr. 100.-, fortel quizmasteren som har 50 spørsmål frå dei siste 20 – 30 åra fordelt på tre rundar. Premien til vinnarlaget er 1.000.- kroner og i tillegg ein overraskelse. Quizen på Peer Gynt Galleriet startar kl. 19.30.

Sjå og aktivitetskalendar på hellesylt.info

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380