Lokalnytt

Rustar opp Flofjellvegen

Parkeringsplassen for turgåarar etter Flofjellvegen har hatt for liten kapasitet og dyrka mark er blitt brukt. No blir den utvida.
Parkeringsplassen for turgåarar etter Flofjellvegen har hatt for liten kapasitet og dyrka mark er blitt brukt. No blir den utvida.

Stranda kommune har inngått avtale med grunneigarar på Vollset om utviding av parkeringsplass og andre utbetringar av Flofjellvegen.

Flofjellvegen mellom Vollset og Flo i Stryn er mykje nytta som turveg, både til fots og på sykkel. No er det planlagt utbetringar med større parkeringsplass ved Vollset, oppgrusing av vegen og legging av stikkrenner.

Parkeringsplassen blir utvida i retning mot Vollset og vil når den er ferdig ha ein kapasitet på 25 bilar. Etter avtalen kan det også plasserast kvilebenkar og informasjonstavle på området.

Stranda kommune har inngått avtale med Hellesylt Bil og Maskin AS om utføring av arbeidet som er berekna til 325.000.- kroner og blir dekt i si heilheit av løyvingar frå Direktoratet for naturforvaltning.

Kor mykje som blir gjort av oppgrusing og legging av stikkrenner i denne omgang er usikkert. Det blir jobba så langt som pengane rekk, seier næringssjef Inge Bjørdal i Stranda. Han opplyser at tiltaket ikkje legg restriksjonar på bruken av vegen i gardsdrifta for grunneigarane.

Avtalen gjeld for 40 år og arbeidet som er omfatta av anbodet skal vere ferdig innan 13. mai 2016.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380