Stilte ut frå Kurlå
Elevar frå Sunnylven skule var i fjor sommar med og rydda på husmannsplassen Kurlå. Det vart eit prosjekt dei presenterte med utstilling på Grønn Fjord-konferansen i Geiranger.
Elevar frå Sunnylven skule hjelpte med rydding av skog på husmannsplassen Kurlå under Åsen i fjor sommar, eit oppdrag som kunne knytast opp mot fleire fag i skulekvardagen. Ein del av det dei fann under ryddinga tok dei med tilbake til skulen for å bruke i forming. På Grøn Fjord-konferansen i Geiranger viste dei fram ei utstilling med ting dei hadde laga saman med bilete frå Kurlå.
Her kan du lese litt av det elevane sjølve skreiv om turen til Geiranger og om det dei opplevde;
*Onsdag 9. mars var vi i Geiranger og presenterte prosjektet om Kurlå. Vi starta med prosjektet om dei gamle husa der i skuleåret 2014 – 2015. Så hadde vi ei lita pause før vi starta opp igjen med prosjektet. Dei som går i 5. klasse no til og med 8. klasse har vore med.
*I Geiranger skulle skulane fyrst presentere det dei hadde arbeidd med. Vi hadde om Kurlå, Geiranger hadde om gjengroing og Eidsdal skule hadde hatt kjeldesortering som sitt prosjekt.
*Seinare var vi på Union Hotel og åt pizza. Etter det gjekk vi inn i konferansesalen og såg Espen, Sara, Anna og Isak som framførte ei dramatisert scene frå Henrik Ibsen og «Brand».
*Før kulturprogrammet var vi nede på teiknerommet og såg på utstillingane til dei andre skulane som var representert, Geiranger skule, Sunnylven skule og Eidsdal skule.
*Etter det var vi på konsert. Både musikarar og ho som song solo var kjempeflinke.
*Det vart ein lang dag. Turen tilbake til Hellesylt vart slitsam med høge støy bakerst i bussen.
Ein stige, garn farga av mose, lyng og blåbær, og eit lite juletre, alt laga av det elevane fann på Kurlå.