Lokalnytt

Tilrår berre Røyrhus kraftverk utbygd

Fylkesmannen går mot utbygging av Langedalselva kraftverk. Ikkje synleg, men til venstre for vegen på bildet.
Fylkesmannen går mot utbygging av Langedalselva kraftverk. Ikkje synleg, men til venstre for vegen på bildet.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal går mot utbygging av Storfossen kraftverk og Langedalselva kraftverk. For Hauge blir planane tilrådd endra.

Berre Røyrhus kraftverk unngår merknadar i fråsegn frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. I alt fire småkraftverk i Stranda kommune ligg ute til høyring fram til 5. april. For to av dei, Storfossen kraftverk i Geiranger og Langedalselva kraftverk i Sunnylven blir det rådd frå utbygging. Storfossen kraftverk er tufta på kvalitetar knytt til fosselandskapet med sin naturlege fossesprøytsone samt at nedre del av vassdraget er lokalitet for anadrome fiskebestandar, heiter det i uttalen.

Motsegn til Langedalen kraftverk er tufta på dei same effektane av at det alt er bygd kraftverk i dette vassdraget. Omsøkte tiltak vil gripe inn og redusere kjende verdfulle biotopar som etter tidlegare reguleringar allereie er reduserte.

Også Hauge kraftverk vil Fylkesmannen rå frå bygd etter dei planar som ligg føre. Inngrep i landskapskvalitetar bør endrast, som å flytte vassinntaket lenger ned og samstundes ikkje ta inn Sætrebekken. Å demme opp Haugedalsvatnet går Fylkesmannen også i mot.

Røyrhus kraftverk kan utbyggast slik planane ligg føre, meinar Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fråsegna er sendt til Norges vassdrag –og energidirektorat med kopi til Stranda kommune og Miljødirektoratet, Trondheim, underteikna av fung. fylkesmann Rigmor Brøste og fung. Miljøverndirektør Jon Ivar Eikeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380