Andreas Kaino vann XBase
Andreas Kaino frå Tromsø deltok i Basehopping frå Helsetkopen for aller fyrste gong under X2 Festivalen laurdag. Han vann heile konkurransen.
Det vart luftkamp til siste meter då finalen under XBase skulle avgjerast frå Helsetkopen. Det stod mellom Kristian Sollie, Tønsberg og Andreas Kaino, Tromsø. På det siste strekket før mållinja vart kryssa kneip Kaino sigeren. Sollie var klar for å ta revansj ved eit seinare høve.
Åtte deltakarar i konkurransen fekk premie, laga av hobbykunstnar og nabo til ekstremsportarenaen på Helset, Martin Janssen. Han sjølv stod for utdelinga av trearbeid i fleire variantar. Populære premiar å få etter det vi såg.
Heile konkurransen i XBase vart avvikla laurdag i delevis sol og vindstille. Verken Røde Kors frå Volda eller Ørsta hadde registrert skadar av noko slag. Det heile vart godt og vellukka arrangert.