LokalnyttLokalsport

Åtte lag fekk drakter

J 07 skal spele 5-ar fotball og har seks spelarar. Frå venstre Marta, Ronja Mari, Ingeborg, Sina, Siv Anita og Isabella.
J 07 skal spele 5-ar fotball og har seks spelarar. Frå venstre Marta, Ronja Mari, Ingeborg, Sina, Siv Anita og Isabella.

Snøen smeltar og Hellesylt stadion er grøn. Søndag fekk åtte aldersbestemte lag utdelt drakter frå Sunnylven Fotball.

Fotballfamilien er stor i Sunnylven. På ei liste hellesylt.info har fått frå Fotballgruppa er oppført 68 gutar og jenter frå J 07 og G 07 til G 14 og J 16. På Kickoff søndag fekk alle speledraktene utlevert og kunne i tillegg handle strømper, fotballsko og leggbeskyttarar. Saman med draktene fekk kvar spelar også forbokstavane i namna sine. Desse vart foreldra bedne om å feste på høgre side av drakta. Det er greitt å merke fotballutstyret så finn ein det igjen både før og etter kampar.

Leiinga i yngres avdeling fortel at det har vore eit puslespel å sete saman laga slik at alle som vil får lov å spele fotball. Difor har nokre av laga overårige spelarar som har fått dispensasjon frå fotballkretsen.

Også trenarar og oppmenn er på plass for alle laga, seier Åse Støverstein Ringdal i yngres avdeling. Så dermed skulle alt vere klart for trening og fotballkampar for åtte aldersbestemte lag frå Sunnylven.

Even Lade fekk seg heilt nye fotballsko. Desse blir det skora mange mål med.
Even Lade fekk seg heilt nye fotballsko. Desse blir det skåra mange mål med.
Fotballtreninga starta søndag. Ved eine målet vart det sparka hardt. Der vart farta på ballen målt.
Fotballtreninga starta søndag. Ved eine målet vart det sparka hardt. Der vart farta på ballen målt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380