LokalnyttLokalsport

Damelaget møter FK Sykkylven

Stranda/Sunnylven sitt damelag 3. divisjon i 2015-sesongen.
Stranda/Sunnylven sitt damelag 3. divisjon i 2015-sesongen.

Onsdag 27. april skal damelaget til Stranda/Sunnylven ut i nabooppgjør mot FK Sykkylven. Kampen går på Hellesylt stadion med avspark klokka 19.00.

Klubbane Sunnylven og Stranda samarbeider om å stille damelag i 3. divisjon også denne sesongen. I år skal laget spele heimekampar både på Hellesylt stadion og Stranda stadion og fyrste heimekamp går på Hellesylt stadion onsdag. Laget opna serien godt med siger 1-0 borte mot Herd 2, etter skåring av Åsta Løfald. Onsdag er laget ute på ny poengjakt, denne gongen mot nabo FK Sykkylven.

Dei to kampane mot FK Sykkylven i fjor enda med berre eitt poeng etter tap 3-0 borte og uavgjort 2-2 heime. Men det var i fjor, onsdag er det ny kamp og nye sjanse på heimebane der dei håper å få hjelp av laget sin tolvte spelar, nemleg eit entusiastisk og tallrikt heimepublikum.

Stranda/Sunnylven har fleire spelarar på laget frå Sunnylven, Anniken Hjellbakk Hole, Kristin Ringdal, Emilie Brekke, Kirsti Frøysadal Hauge, og målvakt Lillian Aasheim. Også Silje Stadheim og Anne Lise Lødøen Helset har delteke på fleire av treningane.

Trenarar og støtteapparat består av Terje Langlo, Lars Tore Opshaug, Frode Verpeide og Erik Løfald. Møt opp på Hellesylt stadion og sjå laget jakte på siger og nye poeng mot FK Sykkylven. Og kiosken er open.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380