LokalnyttLokalsport

Ferdig med skiskyttarsesongen

Skiskyttarar i Sunnylven IL som var med på avslutninga laurdag. (Foto: Skiskyttargruppa)
Skiskyttarar i Sunnylven IL som var med på avslutninga laurdag. (Foto: Skiskyttargruppa)

Ski og gevær var bytta ut med fotball då skiskyttargruppa i Sunnylven IL markerte avslutninga på sesongen laurdag.

Skiskyttargruppa i Sunnylven IL har hatt femten aktive løparar i sesongen 2015 – 16. Tretten av dei var med på den avsluttande samlinga laurdag, eit opplegg med trimtur, servering og fotballkamp til slutt. -Vi gjer ein ny vri på avslutningsfesten i år og det trur eg alle synest bra om, sa leiar i skiskyttargruppa, Magne Brekke.

Saman med mange foreldre samlast alle aktive på Hellesylt stadion før turen gjekk til trimposten på Nausane, «berre» 240 meter opp for Hellesylt sentrum. Nokre tok turen også om Svarthammaren før alle igjen var på stadion. Der spanderte skiskyttargruppa pølse med brød, saft, kaker og kaffi, og det vart delt ut ein liten ekstra minnepremie, ei lita skål til alle aktive.

Trimturen var oppvarming til fotballkamp mellom skiskyttarane og foreldra. Vi fekk med oss fyrste omgang, då var stillinga 3 – 3 til pause og foreldra såg ut til å vere slitne. Men etter det vi har fretta vann dei kampen med eitt mål. Kanskje var det teknikk og rutine som avgjorde, vi såg fleire «stjerner» frå Sunnylven A-lag sine glansdagar på foreldrelaget. Det var utruleg moro å spele fotball, sa fleire på dei to laga så resultatet var nok ikkje så viktig.

-No blir det litt opphald i treningane i skiskyttargruppa. Men dei fleste spelar på lag i fotball, og nokre fjellturar ut over sommaren er god grunntrening før rulleskitreningane startar opp igjen i august saman med langrennsgruppa, sa Magne Brekke.

Oppvarming før fotballkampen var trimtur til Nausane.
Oppvarming før fotballkampen var trimtur til Nausane. (Foto: Skiskyttargruppa)
Duell på bana mellom far og son, Reidar og Ruben.
Duell på bana mellom far og son, Reidar og Ruben.
Innsatsen var stor i ein jamn og spanande fotballkamp mellom skiskyttartalent i Sunnylven IL og foreldre.
Innsatsen var stor i ein jamn og spanande fotballkamp mellom skiskyttartalent i Sunnylven IL og foreldre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380