For 35 år sidanLokalnytt

For 35 År Sidan: «FOSSEDUR» ER NO EIN SAGA BLOTT

Ungdomshuset "Fossedur".
Ungdomshuset «Fossedur».

 

Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen april 1981.

Etter 55 år: »FOSSEDUR» ER NO EIN SAGA BLOTT

I desse dagar vert det lagt siste hand på verket med rivinga av ungdomshuset «Fossedur». I skrivande stund står herre murane att, og om kort tid er dei og borte. Dermed er både eit kjennemerke og eit samlingsmerke for bygda borte for godt.

I ein mannsalder har dette huset romma ei mengd aktivitetar frå julefestar, ungdomskveldar og konsertar til vanlege dansefestar. Mange synest nok at det er eit vemodig farvel med eit hus ein har mange gode minne frå. «Fossedur» vart reist i 1926 og kosta då om lag kr. 20.000.

Berre murane står att.
Berre murane står att.

Dei siste åra har ikkje huset vore godkjent brukt som forsamlingshus, og det har blitt regulert bort hovudsakleg til trafikkformål. Når huset no kjem bort vil etter det «Sunnylvingen» skjønar området bli stelt til og beplanta der det ikkje er lagt ut til trafikk formål.

Før rivinga tok til vart ein del ting av stor verdi teke vare på. Her kan vi nemne veggmåleriet «Fram då frendar» og utekulissene som har stått på scena. Begge desse er måla av den kjende kunstmålaren Peson. Det som kunne nyttast av inventar i huset vart og selt.

Det er Oddvar Tynes, Ivar Hauge og Knut Sundgot som har stått for rivingsarbeidet. Arbeidet har gått raskt og greitt unna, utan uhell av noko slag.

HUL har teke vare på det vakre veggmåleriet «Fram då frendar.»
HUL har teke vare på det vakre veggmåleriet «Fram då frendar.»

 

I neste nummer av Sunnylvingen kom det oppdaterte opplysningar på kven som hadde måla «Fram då Frendar i fredelege kappsteg» :
JOHANNES SMOGELI HEITTE MÅLAREN
Ingolf Ringdal har vendt seg til oss og gjort oss merksam på ein feil i det vi skreiv om måleriet fram då frendar. Det er ikkje korrekt at dette er måla av Peson. Mannen bak dette vakre biletet er Johannes Smogeli fortel Ringdal. Etter det ein veit vart det truleg måla kring 1936. Motivet er sett frå Homlemyra og framover Langedalen, og Smogeli fekk inspirasjon til biletet på ein tur han og Ringdal gjorde. Medan dei rasta og sat og såg framover dalen, braut sola gjennom skydekket, og dette er det Smogeli så meisterleg har fanga inn i biletet som har tittelen »Fram då frendar i fredelege kappsteg.» Vi seier oss leie for misstaket og takkar Ringdal for opplysningane.

Originalartikkel:

original-artikkel-fossedur

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info