Forsamlingshuset Bergly er til sals

Bilete av forsamlingshuset Bergly innvendig

Bilete av forsamlingshuset Bergly innvendig

Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining var eigar av forsamlingshuset Bergly på Frøysa. Foreininga eksisterer ikkje lenger og no er huset til sals.

Forsamlingshuset Bergly i Sunnylvsbygda vart bygd i 1903 og brukt som forsamlingshus for kristelege møter og hyggelege samkome. Tomten vart gjeven gratis av grunneigarane på Frøysa med vegrett. Elektrisk straum er no fråkopla og der er ikkje innlagt vatn eller avløp.

Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining som bygde huset er lagt ned og Bergly har stått ubrukt i mange år. Huset «ropar» etter vedlikehald om det skal overleve i framtida. Det er no til sals.

På årsmøte i Sunnylvsbygda grendalag orienterte Inge Bjørdal litt om historia til huset og tomta det står på. Etter ei synfaring i 2014 konkluderte Jens Petter Ringstad hos Fylkesmannen at Bergly har historisk verdi, både gjennom materialval, utforming og bruk, men at det hastar med vedlikehald om det skal bevarast. Prisen ved sal vil truleg bli svært rimeleg, men huset ligg i raud sone og må ha bruksendring og det skal nyttast til anna enn møter.

Les også; http://www.hellesylt.info/2015/08/vil-selje-bergly/

Bergly ligg vakkert til, solvendt og med utsikt mot Frøysa og den flate Sunnylvsbygda.

Bergly ligg vakkert til, solvendt og med utsikt mot Frøysa og den flate Sunnylvsbygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380