Lokalnytt

Fullklaff for ekstremsportarrangement

Helikopter
.

 

X2 Festivalen sitt inntog i Sunnylven vart ein kjempesuksess. Laurdag 16. april vart ein flott dag både for deltakarar og publikum.

Etter vertrøbbel på fredag kom X2 Festivalen i gong for fullt dagen etter i Sunnylvsbygda. Betre forhold for XBase, Speedflying og Fallskjermhopping kunne det ikkje bli. Også i Bygdaelva i Steimsåsane gjekk X Creek etter planen sjølv om elva ikkje var på det mest brusane denne dagen.

To helikopter sytte for transport til topps av sportsfolket. Ros til Stranda kommune for at dei brukte § 6 i motorferdselslova og gav dispensasjon for ekstra flygingar. I ei lite vekkgjøymd bygd tek ingen skade av litt motordur ein dag, heller ikkje gåande og flygande «venner» i naturen. Vi trur fleire håper at bevilgande myndigheiter er like positive ved seinare høver.

Arrangementet og området vart skamrost av fleire. Dei kom igjen ved liknande festivalar seinare.

Ombordstigning for avgang til Helsetkopen
Ombordstigning for avgang til Helsetkopen
Mot landing i fallskjerm frå 2000 meters høgde.
Mot landing i fallskjerm frå 2000 meters høgde.
Tre deltakarar i fallskjermhopp, frå Voss, Molde og Stavanger
Tre deltakarar i fallskjermhopp, frå Voss, Molde og Stavanger
Ut frå Helsetkopen på ski og landing på flata ved vatnet var ny øvelse i år.
Ut frå Helsetkopen på ski og landing på flata ved vatnet var ny øvelse i år.
Siste Basehopp frå Helsetkopen vart landing i Helsetvatnet like ved land. Der var grunt vatn.
Siste Basehopp frå Helsetkopen vart landing i Helsetvatnet like ved land. Der var grunt vatn.
Ikkje skada, men henta til land i båt etter å ha bomma på gast grunn under landing.
Ikkje skada, men henta til land i båt etter å ha bomma på fast grunn under landing.
Røde kors var mannsterkt på plass under arrangementet, men registrerte ikkje ein einaste skade
Røde kors var mannsterkt på plass under arrangementet, men registrerte ikkje ein einaste skade
Premiefest
Så var det premiefest

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380