Godt år i Sunnylvsbygda grendalag
Sunnylvsbygda grendalag har halde årsmøte med attval av styret. Årsmelding og rekneskap fortalde om eit godt år for laget.
Geir Frøysa har vore leiar i styret for Sunnylvsbygda grendalag. Han tok attval både som leiar og i styret dei neste to åra. Det same gjorde Erna Hellebostad og Gisle Aaland.
Leiinga i grendalaget er. Styret; Geir Frøysa leiar (2), Olav Lade, Gisle Aaland (2), Erna Hellebostad (2), Margreta Janssen, Oddbjørg Stadheim, Alf Ole Sundgot.
Varamedlemer: Jørn Stadheim, Åse Stadheim, Jarle Hole.
Valnemnd; Arne Frøysa, Egil Røyrhus, Wenche Solli.
Revisorar; Oddrun Lødøen Helset, Kjell Helset.
Det vart referert frå både årsmelding og rekneskap som synte solid drift det siste året. Det aller største arrangementet i 2015 var saudehaudfesten med heilt fullt hus. Huset har blitt nytta også ved fleire andre tilstelningar som konfirmasjon, åremålsdagar og lagsmøter. 4H-klubben Fjellrosa har fast samlingsstad i grendahuset og HUL-teatret leiger rom for sitt kostymelaget.
Også økonomien i grendalaget er god sjølv om det er brukt ein god del pengar på vedlikehald dei siste åra. Leiinga fekk ros for måten laget blir drive på og for all oppussing av huset innvendig. Medlemskontingenten vart vedteken uendra for 2016, kr. 200.-
På slutten av årsmøtet overrakt Sunnylven Bygdekvinnelag ti bilete til grendalaget. Bileta som var utlånt av Stranda sogelag og forstørra opp vart framvist på laget sin Kafé Snurrepiperier nyleg. Dei fleste av bileta var frå Sunnylvsbygda og no ønska bygdekvinnelaget at dei skulle henge i grendahuset på Hauge for ettertida. Også andre lag i Sunnylven kan vente seg ei liknande gåver frå bygdekvinnelaget ved seinare høve, fekk vi opplyst.