Lokalnytt

Godt kafébesøk hos Bygdekvinnelaget

Anne Grete Hjelmeland Hole til høgre og Anne Marie Sømoen Frøysa med kvar sitt bilde frå "gamle dagar". Til høgre er frå sætra i Holedalen, og til venstre har fotografen avbilda ei sætrereis til Djupgjølet i Frøysadalen.
Anne Grete Hjelmeland Hole til høgre og Anne Marie Sømoen Frøysa med kvar sitt bilde frå «gamle dagar». Til høgre er frå sætra i Holedalen, og til venstre har fotografen avbilda ei sætrereis til Djupgjølet i Frøysadalen.

Film, bilder og god traktering kunne Sunnylven bygdekvinnelag by på då dei opna sin Kafé Snurrepiperier laurdag.

Vi er strålande fornøgde, sa leiar i Bygdekvinnelaget, Anne Grete Hjelmeland Hole då opningstida på fire timar nærma seg slutten på laurdag. Folk hadde kome, sett film, bilder, kjøpt seg brennsnut , kaffi og kaker, og så gått igjen.

Heile 40 liter brennsnut og fleire kaker selde bygdekvinnene på kaféen sin denne laurdagen. Mange kom også for å sjå filmen som vikarprest Olav Bruknapp laga då han vikarierte i Sunnylven og Geiranger på 50-talet. Både filmen og ein bildeserie etter hobbyfotograf Torvald Hauge rulla og gikk heile tida, eit tilbod mange nytta seg av og såg. Også ti bilete frå Sunnylven som laget hadde fått låne av Stranda sogelag og stilt ut i forstørra utgåve var interessante å sjå.

Anne Grete Hjelmeland Hole hadde håpa at fleire unge ville bli medlemer i Bygdekvinnelaget. Vi er ikkje eit lag berre for dei som er direkte knytte til jordbruket, men eit lag for alle i bygda vår, seier ho.

Aktivitetsplan

I Sunnylven bygdekvinnelag vil det skje mykje utover det fyrste halvåret. Frå ein aktivitetsplan laget har sendt ut les vi om;

*Kaffistund på Sunnylven omsorgssenter onsdag 20. april med visning av bildeserien av Torvald Hauge..

*23. mai blir det medlemsmøte med tema Ville vekster. Til møtet på Sunnylvsbygda grendahus har laget invitert Ellen Beate Wollen.

*4. og 5. juni inviterer bygdekvinnelaget medlemer og andre på busstur til Gamle Kvam i Vang i Valdres.

*Før Hellesyltdagane er det lefsebaking, og under Dagane blir det sal av rømmegraut og lefser.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380